Velkomen til rikt fiske hos Øvstestøl sæterlag

Store områder med vakker natur og rike muligheiter for ørret fiske. I og ved Reinheimen nasjonalpark. 5 store gode ørretvatn, 35 km fiskeelv, mange strekningar godt eigna for flugefiske.

Arter

  • Ørret

Beliggenhet

Viktige datoer

Det er ikke lagt inn noen viktige datoer

Kontakt selger

Øvstestøl sæterlag

Fridjon Døving

91342349

fridjon@doving.org

Kjøp fiskekort her

Fiskekvoter

Det er ingen kvotebegrensninger på dette tilbudet.

Mer detaljert beskrivelse

Fiske i Øvstestøl sæterlag sitt område.

Velkomen til Øvstestøl sæterlag sitt ca 42 kvadratkilometer store område med vakker natur og rike muligheiter for ørret fiske.

Her finn ein 5 store gode ørretvatn og om lag 35 km fiske elv, der mange strekningar er godt eigna for flugefiske. Ein stor del av vårt området ligg i Reinheimen nasjonalpark.

 

Veslelangdalsvassdraget. Vatna ligg ca 2 t gangavstand frå Øvstestølen. Rås langs elva på venstre side. Gode fiskemuligheiter i elva og særleg i dei to store vatna lengst inne i dalen. Fisk i alle storleikar opp til 1 kg. Større fisk kan førekome.

Fiske i Breikoppen kan også anbefalast.

Meiadalen/Slettvikane. Kjempefin variert fiskeelv nær Fv 63 frå Øvstestølen til Slettvikane der Slettvikvatnet ligg og elva frå vatnet møter elva frå Langfjelldalen. Mykje fisk av varierande storleik både i elva og i vatnet. Lett tilgjengeleg.

Langfjelldalen. Lang og delvis stilleflytande elv med mykje fisk av varierande storleik.

Meiadalskoppen. Gangbru over Meiadalselva om lag midt mellom Øvstesølen og Byksebrua. Eit lite og idyllisk fiskevatn med mellomstor ørret 3-5 hg. Rås er delvis rydda/ merka og anbefalt brukt i den relativ korte men bratte oppstigninga frå Meiadalen.Plass til parkering ved Fv 63.

Slufsekoppen. Spanande fiskevatn i dramatisk natur. Ørret i storleik 4-9 hg. Bruk råsa frå Byksebrua på høgre side av elva dersom du ikkje ynskjer å kysse den relativt store elva frå Langfjellet på Slettvikane.

 

Turkart Norddal kommune vert anbefalt.

 

Søkeord :  Valldal , Øvstestølen, Slettvikane.

Fiskeregler

Stangfiske.