Ørretfiske i Storåne, Vang i Valdres. Strekninga frå Øylo til Ryfossen.

Variert elv med god bestand av ørret. Strekninga er på ei snau mil, parti med stryk, fine kulpar og stilleflytande elv. Det ligg godt til rette for mange typer fiske. Sjansane for stor fisk er gode.

Arter

  • Ørret

Kjøp fiskekort her

INVITER PÅ TUR! Del på

Veibeskrivelse

Elva ligg lett tilgjengeleg langs E16. Naturlege utgangspunkt er Rogn Camping (1), Tveit Bru (2) og Gardalen (3), som er markert på kartet. Det finst enkelte grusvegar og stigar langs elva. Utanom dei tilrådde utgangspunkta, finst det fleire rasteplassar og parkeringsplassar langs elva. Fiskekortet gjeld for strekninga frå elveutløpet ved Øylo og ned til Ryfossen, totalt ei snau mil med elv å boltre seg langs.

Viktige datoer

Det er ikke lagt inn noen viktige datoer

Kontakt oss

Øylo-Ryfossen Elvelag

Geir Endre Rogn

91798159

geir.rogn@skiforbundet.no

Lenker på denne siden

  • Ingen lenker

Fiskekvoter

Det er ingen kvotebegrensninger på dette tilbudet.

Mer detaljert beskrivelse

Elva er variert og inneheld parti med stryk, ei rekke fine kulpar og part med stilleflytande elv. Det ligg godt til rette både for fiske med fluge, makk og spinnar/sluk. Slik sett er det nok av moglegheiter både for den erfarne fiskar og for barnefamilier. Vasstanden varierer gjennom sommaren, og spesielt på låg vasstand er det ei barnevennleg elv med gode sjansar for å få fisk på makk eller spinnar. Under sleke forhold kan det vera utfordrande å lure dei store fiskane, men utover kvelden er det absolutt mogleg i dei større kulpane. I området rundt Gardalen er det lengre parti med stilleflytande elv og fint å prøve tørrfluga. Fiskebestanden i Storåne er god og det er fisk i alle storleiker. Det er sjølvsagt mest småfisk, men det er og sjansar for stor fisk (2-4kg), og kondisjonen er jamt over bra.

Fiskeregler

Vanlige fiskeregler gjelder.

Andre aktuelle tilbud