Stongfiske Eidfjord, Hardangervidda

Fisketilbodet på Eidfjord statsallmenning er lett tilgjengeleg frå Rv 7. Vidare kjem du inn i sentralområdet ved å køyra inn Tinnhølvegen (bomveg) frå Tråastølen (Rv 7). Aure er einaste fiskeart.

Arter

  • Innlandsfiske
  • Ørret

Beliggenhet

Viktige datoer

Det er ikke lagt inn noen viktige datoer

Kontakt selger

Eidfjord Fjellstyre

47612205

fjellstyre@eidfjord.kommune.no

Kjøp fiskekort her

Fiskekvoter

Det er ingen kvotebegrensninger på dette tilbudet.

Mer detaljert beskrivelse

Eidfjord statsallmenning strekkjer seg frå sør og aust for Hardangerjøkulen sørover til sør for Nordmannslågenvassdraget. Det er fiskebestader i dei fleste vatn og tjørn.   Overnattingstilbod Halne fjellstugu, Kjækja turisthytte, Kjeldebu turisthytte, Stigstuv turisthytte, Trondsbu turisthytte, Sandhaug turisthytte, Besso turisthytte. Evt. kontakt Eidfjord fjellstyre for å leiga ei av fjellstyret sine husvære. 

 

Fiskebestand

Nær alle vatn og tjørn heilt opp i over 1300 moh har aure. Generelt er det godt med aure i alle vatn. Prøvefiskerapportar frå ein del sentrale vatn og tjørn finst på heimesida til fjellstyret, www.eidfjord-fjellstyre.no 

Fjellstyre driv aktiv forvaltning av dei enkelte vatna.

 

Se også vår heimeside

 

Fiskeregler

1. Alle som er fylt 16 år og som vil utøva fiske med stong eller handsnøre, må løysa fiskekort.
2. Det er ikkje lov å nytta annan fiskereiskap enn stong eller handsnøre. Line og ståkrok er forbode.
3. Fiske med stong og handsnøre er i Eidfjord statsallmenning tillete heile året. 
4. Det er forbode å nytta levande fisk som agn.
5. Det er forbode å flytta fisk frå eit vatn til eit anna.
6. Fiske med oter er forbode; jfr. DN-forskrift av 29. mai 1970 

Veibeskrivelse

Rv 7 over Hardangervidda er eit godt utgangspunkt for fiske i Eidfjord Statsallmenning. Det er gode og varierte fisketilbod både nord og sør for RV7.

Terrenget nord for Rv7 byr på mange varierte fiskemoglegheiter. Mange mindre vatn og tjørn med spenande fisketilbod. I vassdraget frå Dragøyfjorden og nordover finst den spesielle aurevarianten, finprikkaure, med småprikka sider og "kors" i auge.

Tek du Tinnhølvegen frå Tråastølen inn til Tinnhølen, har du eit fint utgangspunkt for fine fisketurar. På 3-4 timar kjem du inn til områda ikring Nordmannslågen, som byr på mange fine fiskestader. Turisthytter i området er Trondsbu ved Tinnhølen, Stigstuv ca 1,5 t aust for Tinnhølen, Sandhaug ligg 3-4 timar sør for Tinnhølen, og vil du til Besso må du rekna 4-6 timar gangtid frå parkeringsplassen på Tinnhølen.  

Kartbladet "Hardangervidda Vest" i målestokk 1:100 000 viser det meste av området med vegar og turstiar. Meir detaljar får du med kartet "Eidfjord" i målestokk 1:50 000. Nærare informasjon også hjå Eidfjord fjellstyre.

Gode fisketips

Fisketilbodet på Eidfjord statsallmenning er lett tilgjengeleg frå RV7 over Hardangervidda. Vidare kjem du inn i sentralområdet ved å køyra inn Tinnhølvegen (bomveg) frå Tråastølen (RV7). Nord for RV7 er terrenget meir kupert med mange mindre tjørn og elvar.
Ved å gå sørover frå Tinnhølen kjem du inn til sentrale delar av Hardangervidda med Nordmannslågenvassdraget som det sentrale. Det er mange vatn, tjørn og elvestrekningar å velga mellom, alle er ope for stongfiske mot kjøp av fiskekort.
Aure er einaste fiskeart i dei fleste vatn. Du har sjanse til å treffa nærare kjennskap med den store feite "Hardangervidda-auren" . Siste åra har det vore svært god rekruttering i mange vatn, og fjellstyret driv tynningsfiske i mange vatn.
Finprikkauren (urforma) finn du i vatn og tjørnar nord for Krækkja turisthytte.