Fiske i Ottaelva i Skjåk

Ottaelva byr på mange moglegheiter med lett adkomst til fiske for alle. Det er aure i heile vassdraget, og harr i den nedre delen. Området ved Pollfoss er svært godt egna for flugefiske.

Arter

  • Innlandsfiske
  • Ørret
  • Harr

Kjøp fiskekort her

INVITER PÅ TUR! Del på

Veibeskrivelse

Geografisk sogner området til Østlandet, men store areal kiler seg inn i vestlandsfjella både i Sogn og Fjordane og Møre og Romdsdal, noe både landskap og klima bærer preg av. Fra de slake flyene i nordøst, blir fjella villere og dalene dypare mot sør og vest.

Kommunen ligger sentralt i forhold til til kjente turistdestinasjoner som Geiranger, Stryn, Lom og Jotunheimen, og er i seg selv ei naturperle som det er vel verdt å besøke.
Riksveg 15 går langs Ottavassdraget gjennom hele Skjåk.

Video

Viktige datoer

Det er ikke lagt inn noen viktige datoer

Om oss

Skjåk Almenning er ei bygdealmenning frå 1798, og er Noregs største private grunneigar med i underkant av 2 millionar dekar areal. Hovudverksemda vår er skogbruk, trelast, hytter, jakt og fiske.

Skjåk Almenning er særleg kjent for villreinjakt, med om lag 400 fellingsløyver kvart år. Etter kvart er vi også vorte kjent for eit flott område for fjellfiske. Vi tilbyr totalt 17 utleiehytter fordelt på heile området. I Skjåk er det i alt 18 toppar på over 2000 meter, med Tverrådalskyrkja som den mest kjente og Nordre Hestbrepiggen som den høgste (2172 moh.). 

Skjåk Almenning er også et sentralt punkt mellom aust- og vestland der Oppland møter Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Det meste av området er verna i form av Breheimen og Reinheimen nasjonalpark. Området ber i stor preg av urørt natur og sine verneverdiar.  

Vårt administrasjonsbygg finn du i Bismo med våre 7 tilsette med høgare utdanning innan skog og utmarksforvaltning i tillegg til tilsette frå Statens Naturoppsyn, Mjøsen Skog og Nasjonalparkforvalter for Breheimen. 

Åpningstid kvardagar kl 08.00-15.30

Besøk gjerne heimesidene til Skjåk Almenning.

Dette kortet gjeld for heile Skjåk Allmening og Skjåk kommune!

Kontakt oss

Skjåk Almenning

61 21 39 00

firmapost@skjak-almenning.no

Lenker på denne siden

  • Ingen lenker

Fiskekvoter

I heile Otta elv, fra Lom grense til Dønfoss gjeld følgjande:

Det er tillatt å fange og avlive ein fiske (aure eller harr) over 35 cm pr.dag pr. fiskekort.

Mer detaljert beskrivelse

Otta elv har sitt utspring lengst vest i Skjåk, og den følgjer deg i over 70 km gjennom heile Skjåk, langs Riksveg 15. Vassdraget byr på mange moglegheiter med lett adkomst til fiske for alle. Det er aure i heile vassdraget, men det er større moglegheiter for å få stor ørret fra Pollfoss og nedover vassdraget, enn lengst vest. Harr over 40 cm kan du få i den nedre delen av Otta elva, fra Ofossen til Lom grense.

Otta elv blir i vesentleg grad påverka av snø- og bresmelting om sommaren sidan mykje av nedbørsfeltet ligg svært høgt, og at vi har store isbreer i Breheimen Nasjonalpark. Beste fiske i Ottaelva er det når elva ikkje er for stor, dvs. i april, mai, august og utover hausten. Ein kan også oppleve bra fiske midt på sommaren i perioder med lite nedbør og snøsmelting.

Området frå Pollfoss og ned til utløpet av Pollvatnet egnar seg svært godt for flugefiske. Strekninga er 5 km lang, og den øvre delen av sona er lett tilgjengeleg frå veg. I den midtre delen er det best med kano eller båt, i den nedre delen er det grei adkomst fra veg på begge sider av elva. I resten av elva er det ingen restriksjoner på uttak.

Pollvatnet minner om ei stille elv som renn gjennom eit delta. Det er breslam frå dei store isbreane i Breheimen Nasjonalpark som gjennom åra har fylt opp Pollvatnet og forma det til eit vant med mange kanalar. Lausmassetransporten er framleis stor og breslammet fargar vatnet turkis i varme perioder om sommaren. På grunn av lausmassetransportene av grus, sand og breslam er botn jamn og fin for vading når elva ikkje er flaumstor.

Øvst i sona, på austsida av elva ved Pollodden er det lagt til rette med gapahuk og bålplass som ein fritt kan bruke.

Gode fiskeplassar i Ottaelva nedanfor Dønfoss, med moglegheiter for å fange stor fisk, er Søtilhølen ved Nordberg kyrkje, Bokkodden, Harsheimhølen, Bismo, Ofossen, nedstraums frå Marlo bru og langs Ramstadstrond sørover mot grensa til Lom.

Overnatting

Skjåk Almenning tilbyr utleige av 17 ulike hytter. Hytta ved Heggebottvatnet ligg svært gunstig til dersom ein ynskjer å fiske i Ottaelva.

Aursjobu og Aursjohytta ligg også i relativ nær avstand. Meir informasjon om hyttane finner du her: https://www.skjak-almenning.no/hytteutleie 

Mer informasjon og bilder om fiske i Otta finst på Fishspot.no

Fiskeregler

Alle under 20 år kan fiske gratis med stong og handsnøre. Alle andre må løse fiskekort for den type redskap ein ynskjer å bruke, om det er stong, oter og/eller garn. Ta alltid med deg gyldig fiskekort på fisketuren (sendt som kvittering på sms og e-post). Fiskekortet gjeld alle vatn og elver innanfor Skjåk kommune sine grenser. Til saman over 200 vatn og over 250 km med fiskeførande elver.

Fiskeregler i Otta elv fra Lom grense til utløpet av Pollvatnet

  • Det er tillatt å fange og avlive maks ein aure over 35 cm, per dag per fiskekort. Fritt uttak av aure under 35 cm.
  • Tillatte reiskap er stong og handsnøre med fluge, mark og sluk/spinnar
  • Det må fiskast med mothakelause/innklemte krokar for å kunne slippe ut att fisk utover kvota.
  • Alle under 20 år kan fiske gratis med stong og handsnøre. 
  • Alle over 20 år må løyse fiskekort for den type reiskap ein ynskjer å bruke.
  • Sesongen varer frå isen smeltar om våren, til isen legg seg på hausten.
  • Ta alltid med deg gyldig fiskekort på fisketuren.
  • All bruk av daud og levande fisk som agn forbudt.

 

For fullstendige fiskereglar for helie Skjåk Allmenning, sjå vedlegg nedanfor. 

Vedlagte filer

Gode fisketips

Gode tips finn du omtala litt lengre oppe på denne sida. 

For Skjåk er det laga ein eigen fiskefolder "På fisketur i Skjåk", med 36 utvalde fisketurar som gjev eit bra utgangspunkt for dei som ikkje er godt kjent her. Denne får du utelevert gratis hjå dei fleste butikkar og servicebedrifter i Skjåk. 

Ellers må du gjerne ta kontakt med oss slik at vi kan gjeva deg gode tips avhengig av kva du er ute etter.

Andre aktuelle tilbud