Aurefiske i Ekso - Stongfiske.

Ekso Villfisk har utvikla den kultiverte delen av Ekso til Vestlandets kanskje beste brunaureelv med særskilt vekt på flugefiske. (Fluefiskesone markert med rødt i kartet)

Arter

  • Brunørret

Beliggenhet

Viktige datoer

Det er ikke lagt inn noen viktige datoer

Kontakt selger

Ekso Villfisk

Bjarne Lavik

91597501

bjarne@eksovillfisk.no

Video

Kjøp fiskekort her

Om selger

Fiskekvoter

Utenom fluesona kan det fiskes med sluk spinner og mark. Her gjelder ikke fang og slipp.

Mer detaljert beskrivelse

Eksingedalen ligg nord i Vaksdal kommune i Hordaland fylke. Dalføret er om lag 48 km langt. Avstand frå Bergen ca. 100 km. Frå Voss over Nesheimsfjellet 56 km. Den kultiverte delen av Ekso ligg midt i dalen og strekkjer seg frå Flatekvalfossen i vest til fossen Vetleglupen i aust og er ca. 7 km lang.

Øvre del av elvestrekninga har vekslande stryk, men også rolege parti og nedre del har lange strekk der elva renn langsomt.

Ekso Villfisk har sidan år 2000 drive eit intensivt utfiskingsarbeid. Ved bruk av småmaska garn vert fiskebestanden tynna med ca. 12000 fisk pr. år. I tillegg til bestandstynning vert det kvart år sett ut ein del større fisk frå Ekso Villfisk sitt kultiveringsanlegg i Sødalen. Dei største fiskane bidreg mykje til tynning av småfiskebestanden og det er no mindre behov for bestandsregulering med garn.

 

Brunaurefiske i Ekso - info

Sjå ogso vår heimeside

Følg oss på Facebook

Overnatting

Fiskeregler

1. Fiskekortet er personleg og skal alltid medbringast under fiske. Det er kun tillete med ei stang pr. fiskekort og eit kort pr. person.

 

2. Kortet gjev kun tillatelse til fiske med stang. Garnfiske, linefiske, ståsnøre, oterfiske eller ein kvar annan form for fastståande redskap er forbudt.

    Utenom fluesona kan det fiskes med sluk spinner og mark. Her gjelder ikke fang og slipp.

 

3. Fiskekortet skal framvisast ved førespurnad om dette frå fiskekontrollør.
Vert dette ikkje imøtekomme kan kortinnehavar bortvisast. Fiskekontrollør
Skal vise legitimasjon.

 

4. Ved praktisering av fang og slepp skal det brukast mothakelause krokar, eller mothaken skal klemmast ned.

 

5. Kjøring på privat veg skal bare skje ved grunneiers samtykke og bilar må parkerast slik att dei ikkje er til hinder for annan transport.

 

6. Kjøper du fiskekort i kultiveringssona kan du bruka båtar gratis om nokon av desse ikkje er i bruk. Legg båten på plass etter bruk å legg årane i botnen av båten.

 

7. Vi ynskjer eit bevegeleg fiske, og ved vading skal det visast hensyn til andre fiskarar.

 

8. Trakk ikkje i eng og dyrka mark.

Gode fisketips

Andre aktuelle tilbud