Velkommen til fint aurefiske i Åseral

Åseral Fiskeadministrasjon ynskjer å gje alle som besøker oss gode naturopplevingar i samband med fiske, anten dei er erfarne fiskarar eller familier med born. Plassar tilpassa rullestolbrukarar.

Arter

  • Ørret

Kjøp fiskekort her

INVITER PÅ TUR! Del på

Om oss

ÅFA - Åseral fiskeadministrasjon er ein paraplyorganisasjon for alle fiskelaga i Åseral, samt Sveindal i Audnedal kommune: Bortelid fiskelag, Lognavatn fiskelag, Logndalen fiskelag, Hæresvatn fiskelag, Ørevatn fiskelag, Strennan fiskelag, Ljosland fiskelag, Handeland/Årdalsvatn fiskelag og Sveindal fiskelag (Grunneigarlaget for Mandalsvassdraget i Audnedal kommune)

 

Følg oss på facebook her!

Kontakt oss

Åseral Fiskeadministrasjon

Leiar Kjell Ljosland eller sekr. Kari Røynlid

41515700 el 90129245

kariroynlid@me.com

Lenker på denne siden

  • Ingen lenker

Fiskekvoter

Det er ingen kvotebegrensninger på dette tilbudet.

Mer detaljert beskrivelse

Fiskebestand

Aure er det dominerande fiskeslaget. Nokre vatn har endå bekkerøye etter utsetjing på 80-talet . Nokre vatn har mange småfisk slik som Øre og Monn. I mindre fjellvatn kan ein få fisk opp mot 1 kilo. Fiskekvaliteten er varierande, men på veg opp, spesielt sidan det er sett ut ruser i fleire vatn.

 

Beliggenhet og terrengbeskrivelse

Dei aller fleste vatna i Åseral kan du nå på ein dagstur.

Det er fleire tilrettelagte, oppmerka fiskeplassar i kommunen. Nokre av dei (Lognavatn og Torsland) er tilpassa for rullestorbrukarar. (Sjå vedlagte kart)

Vi ynskjer å gje alle som besøker oss gode naturopplevingar i samband med fiske, anten dei er erfarne fiskarar, eller familier som vil fiske litt saman med borna.

Fiskeregler

ÅFA fiskekort gjeld bare for vatn innanfor dei ulike fiskeområda, sjå på informasjonskartet "Fiskeområde ÅFA-kortet".

  • Du kan fiske med stong frå land heile året.
  • Isfiske er tillete.
  • Alle under 16 år fiskar gratis.
  • Levande fisk som agn er ulovleg. Etter sløying av fisk må innvollane gravast ned for å unngå spreiing av parasittar.
  • Garnfiske er ikkje tillete.
  • Vis omsyn til beitande husdyr. Lukk grinder og gjerder der du ferdast. Ikkje gå over innmark. Hald hundar i band.