Fiske i Hafslovatnet

Flott aurefiske i Hafslovatnet i Luster kommune. Prøv fisket i Straumane med flotte stryk og hølar, dit storauren frå Hafslovatnet går opp for å førebu bryllaup kvar haust!

Arter

  • Ørret
  • Brunørret

Kjøp fiskekort her

INVITER PÅ TUR! Del på

Veibeskrivelse

Fra Sogndal følg Rv 55 til Hafslo. Frå aust, følg Rv. 55 fra Lom over Sognefjellet og følg Lustrafjorden via Gaupne til Hafslo.

Viktige datoer


08.01.2018 kl. 09:00

Kontakt oss

Hafslovatnet Grunneigarlag

Olav Bremer

+47 40444701

olav.bremer@hotmail.com

Lenker på denne siden

  • Ingen lenker

Fiskekvoter

Fiskarar vert oppmoda om å avlive all fisk under 20cm.

På same grunnlag vert fiskarane oppmoda til å ha moderat uttak av fisk over 35cm.

Alle som løyser fiskekort skal levera fangstmelding.

Fangstrapportering

For å fiske her må du levere fangstrapport etter turen.

Rapporter fangst

Mer detaljert beskrivelse

Hafslovatnet ligg ved riksveg 55 i Hafslo. Det har tilløp frå Veitastrondsvatnet, avløp til Barsnesfjorden.
Hafslovatnet ligg167 meter over havet, er 9 km2, 6,5 kilometer langt og 2 kilometer på sitt breiaste.

Det er eit grunt skogs- og myrvatn med sandbotn, med bebyggelse på nord- og vestsida.

Meget gode næringsforhold. Stor bestand av aure med snittvekt på 300 gram, med muligheter til å få kilosfisk, jamvel storaure på 3-4 kilo av god kvalitet! 

Beste fisketid juli og august.

 

Fiskekort for Hafslovatnet gjer tilgang til å fiske i hovudvatnet Hafslovatnet, med tilhøyrande Straumane. Straumane består av innløpspartiet til Hafslovatnet, og er eit romsleg og stort område beståande av elv, stryk, hølar, samt 2 mindre vatn.

 

Gode forhold å fiske med fluge, sluk og makk i Straumane. Følg fv 337 mot Veitastrond til innløpsosen frå Veitastronds vatnet ca 6 km frå rv 55.Desinfisering av fiskereiskap påbudt,ta alltid med fiskekort for kontroll.Kontroll av fiskekort vert utført av oppsynet til grunneigarlaget,oppsynet til Luster kommune og politiet.Mange gode overnatting stader rundt Hafslovatnet.Stort varierande,fugleliv kring og på vatnet. Gode forhold for isfiske. Gratis fiske for alle under 18 år. God tur og godt fiske !

Fiskeregler

Sportsfiske

Alle som løyser fiskekort kan fiske med oter , dorg og stang (sportsfiske) frå og med 1. januar til og med 14. september. 

Alle under 18 år fiskar gratis.  Andre kjøper sitt fiskekort på www.inatur.no

Som eit ledd i kultiveringa av Hafslovatnet vert alle fiskarar vert oppmoda om å avliva all fisk under 25 cm.

Likeeins vert fiskarane oppmoda om å ha minimalt uttak av fisk over 35cm.

Frå 15.september til og med 30.september er Hafslovatnet opent for fiske kun for bidragsytarar i tynningsfisket, i denne tidsperioden er det fang og slepp på all aure over 35cm.

Sportsfiskarar er pliktige til å levera fangstmelding.

 

Motorferdsel på Hafslovatnet: 

Det er tillete å bruka båtmotorar opptil 8 hk i Hafslovatnet. I området mellom Straumbrua og Sogebrua er det forbode å bruka motorbåt (forbrenningsmotor/el.motor), jfr forskriftene i Hafslovatnet Fuglefredingsområde.

Oppsyn - Kontroll av fiske/fiskekort vert utført av oppsynet til grunneigarlaget, oppsynet til Luster Kommune og Politiet.

 

Garnfiske

Grunneigarar med fiskerett kan fiske med botngarn frå 20.mai til og med 30. juni og frå 1. august til og med 31.august, maks moskevidde er 20 omfar (31mm). Maks 15 garn pr døgn pr grunneigar. Botngarn skal ikkje stå i vatnet mellom kl. 10.00 til 17.00.

I perioden 20.august til og med 31.august kan grunneigarane fiska med flytegarn, maks moskevidde er 20 omfar (31mm). Maks 6 garn pr døgn pr grunneigar. Flytegarn kan stå i vatnet heile døgeret.

Det er ikkje tillete å setja garn vest for Hungersandsholmen og Kadlastein. Grensa vert merka med kvit stolpe på kvar side av vatnet.

Alle garn skal merkast tydeleg med blåser og namn.

Alle garnfiskarar pliktar å levere fangstmelding som informerar om antal garn og antal fisk fanga.

NB! Det vil til tider føregå tynningsfiske i regi av Hafslovatnet Grunneigarlag utanom garnfiske tidene.

Alle som fiskar på fullmakt frå grunneigarar, må senda slik fullmakt til leiaren.

I 2018 er det panteordning på garn med moskevidde større enn 20 omfar (31mm), garnfiskarar kan levere garna sine og få kr 200 i pant pr garn.  Pantedato vert 15.mai kl. 20.00 - 21.00, oppmøte ved naustet til Hafslovatnet Grunneigarlag i Kalhagen.

 

Fiskesjukdomar

Ting me må hugse på når me flytter utstyr mellom vassdrag for å hindre spreiing av parasittar (t.d gyrodactilus salaris)

  • Besøk ein desinfiseringsstasjon og få utstyret desinfisert eller
  • Sørg for at utstyret er heilt turt før det vert flytt til neste vassdrag. Det gjeld fiskeutstyr, håvar, båtar, støvlar og anna utstyr som har vore i kontakt med vatn eller
  • Djupfrys alt utstyr i minst ein dag eller
  • Har du fiska eller padla i utanlandske eller smitta norske vassdrag, må du sørgje for at utstyret er reint og desinfisert før det vert teke i bruk på nytt
  • Hugs: All transport av vatn og fisk mellom vassdrag fører til risiko for smitte
  • Ikkje vask og sløy fisk andre stader enn der du fanga han
  • Ikkje slå ut vatn i eit anna vassdrag enn der du henta vatnet

Gode fisketips

I sjølve Hafslovatnet er fiske med sluk, makk og oter effektive fiskemetodar. Dorg med wobblar kan ofte lokke storauren på kroken. Gode klekkingar kan lokka storauren inn på grunna, innafor rekkevidda til flugestanga. 

I området Straumane openberar det seg eit paradis for flugefiskare som likar rennande vatn. Jamvel kan sluk og makkafiskaren boltre seg her i djupe hølar og i mindre vatn.

Møresilda i ulike fargar er ein sikker vinnar i enden av slukstanga, det er også tradisjonelle sølvkroken slukar.

Makk fiskast best med liten krok og spiralsøkke, som føl elvebotnen nedover med straumen.

Flugefiskaren er sikra fangst med kulehode nymfe og streamer, samt eit utfordrande og artig fiske med tørrfluge under klekkingar.

 

Hafslovatnet er krystallklart vatn fram til bresmeltinga kjem igang, og brevatnet med tilhøyrande breslam kjem sigande frå Jostedalsbreen i midten av juli månad. Når breslammet kjem, er det enklare å kome innpå auren, men vatnet vert då også noko kaldare.

 

I Hafslovatnet kan alle få fisk, og den røynde fiskare dreg ikkje heim utan fangst!

Andre aktuelle tilbud