Aurefiske i Viksdalsvatnet & omegn
Velkommen til Viksdalen og fiske i vakker Vestlandsnatur. Gaularvassdraget byr på flotte fiskeopplevingar i både elvar og vatn. Frå høgfjellet og ned til det 14 km lange Viksdalsvatnet.
Arter
- Ørret
Beliggenhet
Viktige datoer
Kontakt selger
Kjøp fiskekort her
Om selger
Viksdalen Vilt- og fiskelag formidlar fiskekort på vegne av grunneigarane langs vassdraget.
Fiskekvoter
Det er ingen kvotebegrensninger på dette tilbudet.
Fangstrapportering
For å fiske her må du levere fangstrapport etter turen.
Rapporter fangstMer detaljert beskrivelse
Viksdalsvatnet er eit vatn som ligg i Gaular kommune i Sogn og fjordane. To elvar møtast i innsjøen/vatnet. Den nordlegaste greina startar i Jostedalsbreen nasjonalpark og den andre startar på Gaularfjellet. Desse to elvane er den austlegaste delen av Gaularvassdraget. Vassdraget er verna mot kraftutbyging.
Viksdalsvatnet er eit godt fiskevatn. Fiskekortet gjeld frå utløpet av Haukedalsvatnet i den nordlegaste greina og kommunegrensa med Balestrand på Gaularfjellet på den andre greina. Det er eitt fiskeslag i vatnet: aure (ørret). Fisken har fin kvalitet, normalt ca 150-200 gr. Men fisk på 0.5-1 kg er ikkje uvanleg.Fisk på 4-5 kilo blir også teken enkelte år.
Kvar sommar vert det skipa til fiskefestival. 3 dagar med fiske etter storauren i Viksdalsvatnet, Haukedalsvatnet og Hestadfjorden.
Fossestien - ein 22 km lang - og godt tilrettelagd sti langs vassdraget kan vere ein fin vandretur.
Fiskeregler
Det er ikkje nokon spesielle reglar for fiske,men ein må ha kjøpt fiskekort.
Fiske med oter er lov,og inkludert i prisen.
Veibeskrivelse
Frå nord: Ta fylkesveg 13, Nasjonal Turistveg Gaularfjellet, frå E 39 på Moskog, mellom Førde og Jølster, og køyr austover over Rørvikfjellet og ned til Viksdalen.
Frå aust: Frå Dragsvik køyrer ein fylkesveg 13, Nasjonal Turistveg Gaularfjellet, nordover langs Vetlefjorden og over Gaularfjellet til Viksdalen.
Får sør: Ta av E 39 på Sande og køyr fylkesveg 610, ein arm av Nasjonal Turistveg Gaularfjellet, austover til Viksdalen.
Med fly: Til Førde Lufthamn, Bringeland, Fylkesveg 57 til Storehaug, E 39 til Sande (sjå ovanfor).
Gode fisketips
Mark, sluk, spinnar, fluge.
Auren bit på det meste. Der elvane renn ut i Viksdalsvatnet er det gode fiskeplassar. (Eldalsosen\Vikja). Men prøv også i dei andre vatna langs vassdraget. Flugefiske\markfiske i elvane kan gje bra resultat.
Har du tilgang til båt, er markdrag ofte effektivt. Oterfiske kan gje god fangst.
Treng du fiske utstyr kan vi anbefale Erdal sport Førde,godt utvalg og dyktige ansatte.