Velkommen til fiske i Seljordsvatn
Seljordsvatnet har et rikt og attraktivt fiske. Her er mange fiskeplasser tilgjengelig fra land og fra båt. Vi kan love gode opplevelser både for friluft, båtliv, bading og fiske.
Arter
- Ørret
- Abbor
- Røye
- Sik
Beliggenhet
Kontakt selger
Kjøp fiskekort her
Om selger
Fiske i Seljordsvatnet forvaltes og bestyres av Seljordsvatnet Grunneigarlag SA.
Lagets formål er å samle grunneigarar og rettshavarar i området for i fellesskap å forvalte fiske- og utmarksressursane som ein integrert del av landbruksnæringas ressursgrunnlag.
Forvaltninga bør utøvast slik at den skaper auka arbeids- og inntektsvilkår.
Laget skal i arbeidet sitt syte for
- Ei langsiktig ressursforvaltning
- Å tilgodesjå medlemane sine interesser i området
- Å tilgodesjå andre folks interesser for rekreasjon.
Seljordsvatnet grunneigarlag SA driv ikkje verksemd med tanke på overskott.
Spørsmål om fiske - fiskekort - og andre forhold kan rettes til oss og vi vil besvare etter beste evne.
Fiskekvoter
Det er ingen kvotebegrensninger på dette tilbudet, men det er bare lov å fiske fisk som er større enn 25 cm og mindre enn 50 cm.
I gytetida frå 15. september er det ikkje lov å fiske i Vallaråi.
Fangstrapportering
For å fiske her må du levere fangstrapport etter turen.
Rapporter fangstMer detaljert beskrivelse
Seljord har mykje å tilby besøkjande
Rundt Seljordsvatnet er det mange og flotte campingplasssar for dei som likar badeliv og flotte sandstrender. Og er du glad i å fiske lokkar storauren eller haka-aure som han kallast lokalt i Seljordsvatnet. Grendene i Seljord viser fram vakre kulturlandskap og naturen byr på storslåtte opplevingar både vinter som sommar.
Kunst og kulturopplevingar
For over hundre år sidan strøymde Noregs kunstnarar til Telemark og dei øvre bygdene for å få inspirasjon. Det har gjeve ein god grobotn for kunst og kultur i Seljord, og kommunen satsar på å gje gode tilbod til besøkjande. I Seljord er det fleire flotte galleri og utstillingar. Prosjektet ”Seljord og sogene” har opna området rundt Seljordsvatnet med sine tre utkikkspunkt i ”into the landscape”. Forma etter terrenget ligg vakre installasjonar i tre der ein kan ta ei kunstpause frå kvardagen. Saunaen i Vebekkdalen byr på hjarterom og varme for alle badeglade, og rett utanfor ligg Seljordsvatnet med avkjølande friskt vatn for modige sjeler. For kanskje kan ein få eit glimt av sjøormen? (Kilde: Seljordportalen.no)
Fiskeregler
For å fiske i Seljordsvatnet så må du løse lokalt fiskekort.
Dette kan gjøres på Inatur eller på lokale campingplasser, samt på Intersport i Seljord.
Det er ingen kvotebegrensninger på dette tilbudet, men det er bare lov å fiske fisk som er større enn 25 cm og mindre enn 50 cm.
Gode fisketips
Det er storauren som lokkar, eller haka-aure som han kallast lokalt. Seljordsvatnet har ein bra bestand av storaure, og det jobbast aktivt med å utvikle fiskestammen, men steikefisk på 150 - 250 gram er nok likevel det vanlegaste. I vatnet er det òg godt med aure, sik, samt noko abbor og røye.
Det er viktig å ivareta bestanden av storaurestammen som er truet, så vi oppfordrer på det sterkeste til at det IKKE tas opp fisk som er utenom godkjent størrelse eller at det fiskes i gytetiden.