Fiske UTANBYGDS i Røldal statsallmenning

Røldal statsallmenning på Hardangervidda har fiskevatn der ein kan fiske aure med stong av fin kvalitet. Stongfisket er ope for ålmenta, medan fiske med garn berre er for innanbygdsbuande.

Arter

  • Ørret

Beliggenhet

Viktige datoer

Det er ikke lagt inn noen viktige datoer

Kontakt selger

Røldal fjellstyre

Steinar Lund

48270778

roldal@fjellstyrene.no

Kjøp fiskekort her

Om selger

Fjellnaturen rundt bygda har mange små og store perler. Dei kan vitjast og nytast, men gjer det utan å setja att spor.
Hjelp oss å ta vare på det me har fått å forvalta.

Lett tilgjengeleg fiske i Ståvatn, Ulevåvatnet, Kaldevatn og Middyrvatnet langs E134 over Haukelifjell.

Fiskekvoter

Det er ingen kvotebegrensninger på dette tilbudet.

Mer detaljert beskrivelse

Klikk her for meir info om Røldal fjellstyre

 

 

KJØPT KORT VERT IKKJE REFUNDERT. (jfr. angrerettsloven § 22 m).

Fiskeregler

Fiskereglar for Røldal statsallmenning:

Generelle reglar:

  1. Alle over 16 år må løyse fiskekort. Ungdom under 16 år som vil fiske med garn må kjøpe sesongkort garnfiske - men får summen refundert ved å kontakte fjellstyret
  2. Det er ikkje lov å nytte anna fiskereiskap enn handsnøre, stang, garn, oter eller liknande. Line og ståkrok er forbode. Bruk av garn og oter er eksklusivt for innanbygdsbuande.
  3. Det er forbode å flytte fisk frå eit vatn til eit anna. Fjellstyret gjer merksam på at det er påvist ørekyte i Ståvatnet og Votna.
  4. Kort for stongfiske gjeld for Statskog sin eigedom ved Svandalsflona i tillegg til Røldal statsallmenning. Dette området er vist i det skraverte feltet på salssida på Inatur.
  5. Alt fiske er tillate heile året.
  6. Det er ikkje lovleg å sette garn nærare innfalls- eller utfallsos enn 50 meter. Garna må heller ikkje nyttast i elvar, bekker eller loner (tjørnliknande utvidingar av vassdrag).
  7. Garna skal ha ei maskevidde som er større eller lik 35 mm (18 omfar) mellom knutane når garnet er vått, unnateke i vatn nemnd i spesielle reglar.
  8. Det er tillate å fiske med inntil 5 garn, unnateke vatn nemnd i spesielle reglar.
  9. Garna skal være tydeleg merka med eigaren sitt namn og adresse. Merka skal vere lett synlege. I dei tilfella at fjellstyret har lagt til rette for at brukarane kan nytte garn som er fjellstyrets eigedom, skal desse vere merka Røldal fjellstyre. Leigetakarar av stølar som har fått løyve til å fiske, skal merke garna med namnet på beitelaget eller stølen.
  10. Unntak frå desse reglane vert fastsett i spesielle reglar.
  11. Brot på dei generelle og spesielle reglane er straffbart.

 

Spesielle reglar:

  1. I Stora Uravatnet, Ostanuttjødna, Purvatjødna, Votna, Ståvatnet, Ulevåvatnet, Skurevatnet og Øvre- og Nedre Hedlevatn  gjeld ikkje reglane om maskevidde, garntal og osfreding. Fjellstyret oppmodar fiskarane til å i hovudsak sette småmaska garn (26mm/24 omfar eller mindre) i desse vatna.

  2. I Vetla Uravatnet gjeld: Inntil 10 garn med fri maskevidde, og i tillegg 5 garn med maks maskevidde 26 mm

  3. For grensevatna Stora Uravatnet, Holmavatnet, Tangasjøen og Vetla Uravatnet gjeld fiskekortet i heile vatnet. I Nedre Hedlevatn gjeld fiskekortet også på Berunuten Vest/Vinje kommune sin del av vatnet. I alle andre grensevatn gjeld fiskekortet berre på den delen av vatnet som ligg på Røldal statsallmenning.

  4. For innanbygdsbuande som har løyst fiskekort for garnfiske, gjeld dette også for fiske med handsnøre, stang, oter eller liknande.

  5. Garnfiskekort for utanbygds på Statskog sin eigedom i Votna: Fiskar kan nytte 5 garn pr. døgn. Det er fri maskevidde. Kortet gjeld også for stongfiske (i alle vatn og elvar på Røldal statsallmenning) og oter (i Votna, på same areal som er dekka av fiskekortet) i tilsvarande tidsrom.

RØLDAL FJELLSTYRE

Vedtatte fiskereglar i styremøte 1.06.23 sak 23/23

Andre aktuelle tilbud