Velkommen til Stordalsvatnet i Etne

Etne har ei rekkje flotte fiskeområder. Stordalsvatnet er eit lett tilgjengeleg fiskevatn med fleire fiskeartar, hvor aure og røye er dei mest interessante for sportsfiskaren.

Arter

  • Ørret
  • Røye

Kjøp fiskekort her

INVITER PÅ TUR! Del på

Viktige datoer

Det er ikke lagt inn noen viktige datoer

Om oss

Stordalsvatnet Fiskelag er ei foreining der alle grunneigarar til Stordalsvatnet er medlem. Foreininga vart grunnlagt på 1960 talet og målsetjinga var å vere ei samlande foreining for grunneigarinteressene langs vatnet. Ein skulle vere høyringspart i spørsmål som vedkjem Stordalsvatnet, og eit organ for å kultivere fiskebestandane samt å selje fiskekort til ålmenta.

Kontakt oss

Stordalsvatnet Fiskelag

91384864

firmapost@rafdal-vapen.no

Lenker på denne siden

  • Ingen lenker

Fiskekvoter

Det er ingen kvotebegrensninger på dette tilbudet.

Fangstrapportering

For å fiske her må du levere fangstrapport etter turen.

Rapporter fangst

Mer detaljert beskrivelse

Stordalsvatnet er eit flott fiskevatn som er lett tilgjengeleg for dei aller fleste. Vatnet ligg 7 km frå Etne sentrum, og er omlag 12 km langt.

Vatnet har fleire fiskeartar, men det er aure og røye som er interessante for sportsfiskaren. Ålen er som kjent freda no, og stingsilda (eller vombastikkling, som me seier) er i minste laget.

 

Les mer om fiskemuligheter i Etne på www.fjellørret.no

Friluftskommunen Etne

Fiskeregler

Fiskekort må løysast.

Stong og handsnøre

  • Fiske etter innlandsfisk er tillete heile året i Stordalsvatnet med stong og handsnøre. Men utanom lovleg fisketid for anadrom laksefisk, 15.6.-15.8, er det ikkje tillete å fiska nærare enn 100 meter frå innos og utos.[gwa1] 
  • I tida  15.6.-15.8 (fisketida for laks og sjøaure), må fiskaravgift til staten og betalast for fiske i Stordalsvatnet, i tillegg til fiskekort.

Oter

  • Ein kan fiska med oter etter innlandsfisk, men berre i tida 15.5- 15.7. Men heile fiskereiskapen skal til ei kvar tid være minst 100 m frå innos og utos.

Not, ruse og fastståande reiskap

  • Kan kun nyttast til fiske etter innlandsfisk dersom ein har fått løyve frå Fylkesmannen. Hugs at ål er freda.

Setjegarn(botngarn,flytegarn)

  • Garn med maskevidde 21-29 millimeter(30-22 omfar) kan nyttast heile året i Stordalsvatnet. Men i perioden 16. juli- 14.mair,skal heile fangsdelen til garnet være minst 5 meter under vassyta. Garn skal alltid stå minst 200 meter frå inn-og utos.
  • Der Stordalsvatnet har ei breidde som er mindre enn 200 meter, er det forbod mot fiske med setjegarn. Dette gjeld heile året.
  • Garn må ikkje setjast ut slik at det fiskar i meir enn fjerdedelen av innsjøen si minste breidd på fiskeplassen, også medrekna avstand til øy/holme/skjer i innsjøen.
  • Garn må ikkje setjast på ein slik måte at det er nærliggjande fare for fangst av anadrom laksefisk, eller på ein slik måte at det hindrar fri gang for anadrom laksefisk.
  • Kvart garn som vert sett ut, skal merkast med synleg flottør, med fiskaren sitt namn og adresse, eller namn og telefonnummer.

Gode fisketips

Auren er for det meste av ok kvalitet, og dersom ein fiskar frå land med stang, kan ein forvente fisk frå 2-400 gram.  Kjem ein seg ut i båt aukar sjangsane betydeleg.

Me har dei siste åra drive ein del med trollingfiske som det heiter, eller djupdorg som me seier. Då dorgar ein med utstyr som gjer det mogeleg å koma ned i vassmassane med reiskapen. Erfaringsmassig er det 5-8 meters djupne som skal til for å lokke dei større fiskane til å ta.

Trolling er nattaktivitet, og særskild i tida rett før det vert heilt mørkt, er det me tek mest fin fisk.

Dei store mengdane med fisk har det ikkje blitt så langt, men ganske mange rundt kiloen, og ein på 5,5 kg som pers.

 

Me har dei siste åra ført fangststatistikk for fisket, og det visar seg at juni er månaden med best resultat. Etter dette avtar fangstane, men det er framleis råd å lura opp fine fiskar.

Me nyttar ekkolodd under dette fisket, men det er sjeldan me har nytte av dette ut over å unngå å setja reiskapen i botn. Det viser seg like fullt at når me observerer ein del fisk i vassmassane, då får me han lettast og.

Sørleg vind og kanskje søraustleg kan sjå ut for å vera best.

Tips til flugefiske i Etne

Tips til slukfiske i Etne

Tips til isfiske i Etne