Hardangervidda, sams fiskekortordning

Velkomen til flott fiske i Vinje! Avdelinga i Vinje av Hardangervidda Grunneigarsamskipnad tilbyd sams fiskekort i ei rad fine aurevatn på eit knippe eigedomar.

Arter

  • Ørret

Kjøp fiskekort her

INVITER PÅ TUR! Del på

Viktige datoer

Det er ikke lagt inn noen viktige datoer

Om oss

Vinje kommune har store friluftsområder, med Hardangervidda som det største og kanskje mest kjente. E134 over Haukelifjell fra Drammen til Haugesund gjør at Hardangervidda er et av de lettest tilgjengelige høyfjellsområdene i Norge.

For mer info se visitrauland.com

Kontakt oss

Rauland Turistkontor

+47 35062630

info@visitrauland.com

Lenker på denne siden

  • Ingen lenker

Fiskekvoter

Fiskekvotar: Der er ikkje noko avgrensing i kor mykje ein kan taka opp.

Mer detaljert beskrivelse

Meir detaljerte opplysningar: Vinje kommune har store friluftsområde, med Hardangervidda som det største og kanskje mest kjente. E134 over Haukelifjell frå Drammen til Haugesund og Rv 7 gjer at Hardangervidda er eit av dei lettast tilgjengelege høgfjellsområda i Noreg.

 

Gjeld Storheller, Berunuten vest, Austre og Vestre Vollane, Mogen, Li og diverse småeigedomar i og rundt Bitdal, dessutan Rauland Statsallmenning.

 

Vatn ordninga gjeld for: Briskevatn, Bamsebutjørnane, Bitdalsvatn, Blånuttjørnane, Boshovdtjørnane (austsida), Brutjørnane, Dargesjåen, Eggetjørn (sudsida), Filleherbergvatn, Fisketjørnane, Fjellsjåen, Gjuvsjåen, Grunntjørn, Grysletjørnane, Gunleiksbuvatn, Hellevatn (asut- og sørvestsida), Hokkebrotnvatn, Honserudvatn, Kallungsjåen, Kostveitvatn, Kringlesjåen, Kvikkevatn, Langevatn, Mortvatn, Møruvatn, Midnutvatnet (austsida) Mjågevatn, Nordre Kolnutgryslene, Ormevatn (Storheller), Raudåslækja, Reinshorntjørn, Sakrisvatn, Sandtjørn, Sandvatn,  Simletindvatn (austsida) Skardbuvatnet, Store Meinsvatn, Store Urdvatn (sudsida), Storhellervatn, Tjørndalstjørnane (ved Skardbu og ved Mogen) Tosketjørn, Torstjørni, Vassdalsvatn9, Venetjørn, Vesle Bitdalsvatn, Vesle Gjuvsjåen, Vesle Skitfaltjørn, Vesle Vråsjøen (nordvestkanten), Viertjørn, Vollevatn, Vollenuttjørnane, Vråsjåen, Vråsjåpollen, Vesle Vråsjåen Årmotvatni (austsida)

 

Kart over aktuelle vatn finst på side 42/43 i Fiskeguiden for Vinje kommune som pdf-fil, på norsk, engelsk eller tysk.

For meir info, sjå visitrauland.com

 

Vedlagte filer

Fiskeregler

  • Kjøp av eit fiskekort gjev rett til fiske med stang og handsnøre i vatn/på
    eigedomar som fiskekortet gjelder. Dei som fiskar pliktar å setje seg inn i
    kvar det er lov å fiske og gjeldande fiskereglar.
  • Fiskekortet er personleg og kan ikkje overdragast til andre.
  • Born under 16 år kan etter Lov om innlandsfiske fiske fritt med stong og
    handsnøre.
  • Ved kontroll har alle plikt til å vise fiskekort eller legitimasjon (born).
  • Fiske med levande fisk som agn og spreiing av nye fiskeartar er strengt
    forbode! Det er heller ikkje lov å flytte levande fisk til andre vatn eller vassdrag.
  • Fiskereiskap, støvlar og vadarar skal tørkast før det vert tatt bruk i eit nytt
    vatn eller vassdrag, slik at ein unngår spreiing av levande organismar og
    sjukdom.
  • Fiskereiskap som er nytta i vatn eller vassdrag med smittsam fiskesjukdom
    skal desinfiserast.
  • Hugs å sløye og vaske fisken i det vatnet han er fiska.
  • I perioden 1. september til og med 31. oktober er det forbode å fiske nærare
    elve- og bekkeosar enn 300 meter, samt oppover vassdrag så langt auren kan
    vandre.
  • Det skal ikkje fiskast nærare fòringsanlegg enn 300 meter og ikkje nær utsette
    garn eller ruser.
  • Det er berre lov å fiske med enkel reiskap, som ein sluk eller ein spinnar.
  • Ved fiske frå båt er det ikkje lov med meir enn 4 reiskapar per båt.
  • Nytt deg av etablerte rasteplassar og hugs skogbrannfaren! Det må ikkje
    gjerast opp open eld i tida 15. april til 15. september.
  • Far varsamt i naturen. Kast ikkje frå deg avfall, fiskesnøre eller liknande.
  • Vis omsyn til andre fiskarar, turfolk og brukarinteresser, òg ved ferdsel til
    eller frå fiskeplassar.
  • Garnfiske er berre tillete for grunneigarane eller dei som kan vise til at dei
    har lov av grunneigar. Det same gjeld for bruk av oter.

Gode fisketips

Fiske med sluk og spinnar
Fisking med sluk og spinnar er ein effektiv fangstmetode heile våren, sommaren og hausten. Det er dessutan utruleg moro når det er bra bit! Dei fleste fargekombinasjonar kan brukast, og mange har sine eigne favorittar. Gode kombinasjonar for auren i Vinje er raud og kopar, sylv og raud og svart og gul. Wobblarar og sildeslukar kan vera verkelege godbitar for storauren og bør prøvast! 0,18 – 0,25 mm sen gjev høve til relativt lange kast. Spinnarar frå 2-6 gram og slukar frå 4–12 gram er vanleg storleikar.


Fiske med fluge
Dei som sverjar til fluga, har likeins tallause stader å prøve seg, både med flugestong eller fluge og dupp. Tidleg i sesongen kan nymfer
og myggimitasjonar lokke auren. Seinare, når døgnflugene tek til å klekkje, kan ein gå over på imitasjonar av desse. Når så vårflugene startar
klekkinga, kan ein oppleva eit godt fiske i dei seine sommarkveldane med imitasjonar som Streaking caddis, Elk hair caddis, E12 og Goddard Sedge.
Andre fluger som Montana, Daddy longlegs og døgnfluge- og myggimitasjonar er gode i dei fleste vatn. Fluge og dupp er til tider ein effektiv måte å fiske på. To opphengarfluger framom dobba er vanleg. Bruk dobber som kan fyllast med grus eller bly, dei gjev lange kast. Ei stong på 9 fot er høveleg for å få flugene langt framom dobba. Gode tradisjonelle våtfluger er vanleg å bruke. Mønster som har vist seg effektive i Vinje er Black gnat, Zulu, Zulu silver, March brown, Telemarkskongen og Greenwells glory.


Fiske med makk
Denne tradisjonsrike fiskemetoden verkar framleis bra i dei fleste vatn og vassdrag. Prøv å variere med og utan dobbe. I elvar og bekkar kan makk med eit lite blysøkke verkeleg gjera susen. Kast ut i fossar, bak steinar og i evjer, lat agnet søkkje og sveiv varsamt inn. Hogget kjem gjerne brått, så følg godt med! For dei som likar mørke augustkveldar kan harvefiske vera tingen. Ein dreg då makklysa like under overflata langs land. Det er gjerne heilt
mørkt, så når ein høyrer eit plask skal ein fyrst senke stonga i eit par sekundar, for så å gjera tilslag.

Andre aktuelle tilbud