Fiske i Vinjevatn, Våmarvatn m.fl.
Velkomen til flott fiske i Vinje! Vinje grunneigarlag sel fiskekort for Vinjevatn, Våmårvatn og mange tjønner i området. God kvalitet på fisken i dei fleste vatna. Kilostor aure!
Arter
- Ørret
- Røye
Beliggenhet
Viktige datoer
Kontakt selger
35062630
Kjøp fiskekort her
Om selger
Vinje kommune har store friluftsområder, med Hardangervidda som det største og kanskje mest kjente. E134 over Haukelifjell fra Drammen til Haugesund gjør at Hardangervidda er et av de lettest tilgjengelige høyfjellsområdene i Norge.
For mer info se visitrauland.com
Fiskekvoter
Mer detaljert beskrivelse
Vinje grunneigarlag sel fiskekort for Vinjevatn, Våmarvatn og mange tjønnar i området. Vatna ligg under skoggrensa i varierande skogsterreng.
Sjå detaljera kart for kva vatn som er omfatta av ordinga og avgrensingar. Kortet gjeld fisking med sportsreidskap frå land.
I Vinjevatn og Våmarvatn er det røye og aure, i dei andre tjønnane berre aure. Storleiken på fisken varierar, men kvaliteten er god i dei fleste vatna.
I Langesæ er snittvekta på aure 0,4 kg og i Våmarvatn blir det teki aure på fleire kilo på stong kvart år. Rekordfisken teken på stong i Våmarvatn er på heile 9,5 kg! Dei fleste andre tjønnane har aure av fin storleik med raudt og fint kjøt. Stongfiske frå land er bra i alle tjønnane.
Fiskeregler
Generelle fiskeregelar for Vinje kommune
- Kjøp av eit fiskekort gjev rett til fiske med stang og handsnøre i vatn/på eigedomar som fiskekortet gjelder. Dei som fiskar pliktar å setje seg inn i
kvar det er lov å fiske og gjeldande fiskereglar. - Fiskekortet er personleg og kan ikkje overdragast til andre.
- Born under 16 år kan etter Lov om innlandsfiske fiske fritt med stong og handsnøre.
- Ved kontroll har alle plikt til å vise fiskekort eller legitimasjon (born).
- Fiske med levande fisk som agn og spreiing av nye fiskeartar er strengt forbode! Det er heller ikkje lov å flytte levande fisk til andre vatn eller vassdrag.
- Fiskereiskap, støvlar og vadarar skal tørkast før det vert tatt bruk i eit nytt vatn eller vassdrag, slik at ein unngår spreiing av levande organismar og sjukdom.
- Fiskereiskap som er nytta i vatn eller vassdrag med smittsam fiskesjukdom skal desinfiserast.
- Hugs å sløye og vaske fisken i det vatnet han er fiska.
- I perioden 1. september til og med 31. oktober er det forbode å fiske nærare elve- og bekkeosar enn 300 meter, samt oppover vassdrag så langt auren kan vandre.
- Det skal ikkje fiskast nærare fòringsanlegg enn 300 meter og ikkje nær utsette garn eller ruser.
- Det er berre lov å fiske med enkel reiskap, som ein sluk eller ein spinnar.
- Nytt deg av etablerte rasteplassar og hugs skogbrannfaren! Det må ikkje gjerast opp open eld i tida 15. april til 15. september.
- Far varsamt i naturen. Kast ikkje frå deg avfall, fiskesnøre eller liknande.
- Vis omsyn til andre fiskarar, turfolk og brukarinteresser, òg ved ferdsel til eller frå fiskeplassar.
- Garnfiske er berre tillete for grunneigarane eller dei som kan vise til at dei har lov av grunneigar. Det same gjeld for bruk av oter.
Gode fisketips
Fiske med sluk og spinnar
Fisking med sluk og spinnar er ein effektiv fangstmetode heile våren, sommaren og hausten. Det er dessutan utruleg moro når det er bra bit! Dei fleste fargekombinasjonar kan brukast, og mange har sine eigne favorittar. Gode kombinasjonar for auren i Vinje er raud og kopar, sylv og raud og svart og gul. Wobblarar og sildeslukar kan vera verkelege godbitar for storauren og bør prøvast! 0,18 – 0,25 mm sen gjev høve til relativt lange kast. Spinnarar frå 2-6 gram og slukar frå 4–12 gram er vanleg storleikar.
Fiske med fluge
Dei som sverjar til fluga, har likeins tallause stader å prøve seg, både med flugestong eller fluge og dupp. Tidleg i sesongen kan nymfer
og myggimitasjonar lokke auren. Seinare, når døgnflugene tek til å klekkje, kan ein gå over på imitasjonar av desse. Når så vårflugene startar
klekkinga, kan ein oppleva eit godt fiske i dei seine sommarkveldane med imitasjonar som Streaking caddis, Elk hair caddis, E12 og Goddard Sedge.
Andre fluger som Montana, Daddy longlegs og døgnfluge- og myggimitasjonar er gode i dei fleste vatn. Fluge og dupp er til tider ein effektiv måte å fiske på. To opphengarfluger framom dobba er vanleg. Bruk dobber som kan fyllast med grus eller bly, dei gjev lange kast. Ei stong på 9 fot er høveleg for å få flugene langt framom dobba. Gode tradisjonelle våtfluger er vanleg å bruke. Mønster som har vist seg effektive i Vinje er Black gnat, Zulu, Zulu silver, March brown, Telemarkskongen og Greenwells glory.
Fiske med makk
Denne tradisjonsrike fiskemetoden verkar framleis bra i dei fleste vatn og vassdrag. Prøv å variere med og utan dobbe. I elvar og bekkar kan makk med eit lite blysøkke verkeleg gjera susen. Kast ut i fossar, bak steinar og i evjer, lat agnet søkkje og sveiv varsamt inn. Hogget kjem gjerne brått, så følg godt med! For dei som likar mørke augustkveldar kan harvefiske vera tingen. Ein dreg då makklysa like under overflata langs land. Det er gjerne heilt
mørkt, så når ein høyrer eit plask skal ein fyrst senke stonga i eit par sekundar, for så å gjera tilslag.