Høgfjellsfiske på Hardangervidda

Velkommen til mangfoldige fiskeopplevingar og flotte naturopplevingar hjå Maarfjell Fiskelag, søraust på Hardangervidda i Tinn kommune.

Arter

  • Ørret

Beliggenhet

Viktige datoer

Det er ikke lagt inn noen viktige datoer

Kontakt selger

Maarfjell Fiskelag SA

Stein Gunleiksrud

99 51 31 30

steingunleik@gmail.com

Kjøp fiskekort her

Om selger

Maarfjell Fiskelag er eit samvirkeføretak beståande av seks grunneigarar. Formålet til fiskelaget er å organisere fiskekortsal i grunneigarane sine fiskevatn som ligg søraust på Hardangervidda i Tinn kommune.

Fiskekvoter

Det er ingen kvotebegrensningar på dette tilbodet.

Fangstrapportering

For å fiske her må du levere fangstrapport etter turen.

Rapporter fangst

Mer detaljert beskrivelse

Velkommen til Tinn og til fiske hjå Maarfjell fiskelag! Med dette fiskekortet kan du fiske med stong frå land i følgjande fiskevatn: Kilsfjorden (ikkje Uksedalen), Kalhovdfjorden, Geitebufjorden, Grytefjorden, Viervatn, Reksjåen, Sletteidvatna og langs vestsida av Mårvatn mellom Vikbekk og Hellebekken (rett nord for Hellehovda). Sjå interaktivt kart med fiskekortgrenser øverst på denne siden. 

 

På Mårvatn går det rutebåt mellom Synken og Mårbu kvar dag på sumaren, sjå info om rutider - og alt som finst av fritidstilbod- og aktivitetar i Tinn -  på www.visitrjukan.com

 

Overnatting. I telt eller på turisthytte

Unn deg sjølv rast og ro, gjerne over fleire dagar, i dette flotte området. Sov i telt og nyt naturen og fiskemogelegheitane tett på. Det er gode teltplassar over alt, lett tilgjengeleg ved bilveg for deg som ynskjer det, eller du kan ta beina fatt langt innover vidda, bort frå allfarveg og folk flest.

Vil du ha ein fast base innandørs kan Kalhovd turisthytte, Mårbu turisthytte eller Mårbu Seter & Fjellstue tilby overnatting.

 

Vegvisar og info om vinterstengt (bom)veg

Kjøyr av frå RV 364 i Atrå ved Måremsgrenda. Herifrå er det asfaltert heilårsopen veg fram til Steinsbøle 13 km oppover Gauset. Bilvegen frå Steinsbøle til Kalhovd (20 km), og vidare anten til Synken (6 km) eller til Gvepseborg (20 km) er ein vinterstengt grusveg og opnar ikkje før rundt Sankthans-tider, ca. 15-20 juni. Det er Øst-Telemarkens Brukseierforening som er ansvarleg for opning av vegen kvar vår og for vedlikehald av vegen gjennom sumaren. Dei annonserar opningstidene i lokalavisa. Dei krev også inn bompengar for alle som ikkje har bustadsadresse i Tinn kommune. Bommen er plassert ved Steinsbøle. NB! sesongen 2023 og 2024 utfører Øst-Telemarkens Brukseierforening (ØTB) og Statkraft store anleggsarbeider på vegstrekningen mellom Steinbøle - Kalhovd - Grotte. På vekedagar så er vegen kun åpen etter kl. 1900 på kvelden og før kl. 0700 på morgen. Samt 1 times åpning midt på dagen. Sjekk heimesida til ØTB eller Statkraft. Vegen er normalt åpen i helger.

 

Kjøp av fiskekort. Betaling

I tillegg til at du enkelt kan kjøpe fiskekortet ditt online her på inatur.no, kan du og kjøpe fiskekortet med SMS eller VIPPS (20% pristillegg). Kodar og framgangsmåte finn du på oppslag ved fiskekortkasser som er sett ut ved følgjande 3 stader: Kalhovd turisthytte, Stegaros og Synken ved Mårvatn.

Fiskekort kan og kjøpast med kontanter frå fiskekortkasser ved Kalhovd Turisthytte, Stegaros og Synken ved Mårvatn. Alle fiskekortprisar er inklusive moms.

Fiskeregler

Fiskekortet er personleg og gjev rett til å fiske med stong frå land i følgjande fiskevatn: Kilsfjorden (ikke Uksedalen), Kalhovdfjorden, Geitebufjorden, Grytefjorden, Viervatn, Reksjåen, Sletteidvatna og langs vestsida av Mårvatn mellom Vikbekk og Hellebekken. Sjå interaktivt kart med fiskekortgrenser øverst på denne siden. Fiske frå båt, kano eller lignande og fiske med oter er ikkje tillatt. Catch and release er ikkje ønskjeleg.

 

Fiskekortområdet, sjå fiskekortgrenser på interaktivt kart øverst på denne siden.

 

Fisketidene hjå Maarfjell Fiskelag er frå isen går på vatna om våren (ca. 1. juni) til og med 19. august.

Gode fisketips

Fiskesesong

Fiske på denne delen av Hardangervidda startar når isen har gått frå vatna og når vinterstengte vegar er opne, rundt 1. juni. Kjem våren veldig tidleg kan fisket starte før. Er du usikker på forholda tilrår vi at du sjekkar før du reiser. Send oss gjerne ein mail eller ein sms.

 

Du finn gode fiskevatn og -plasser overalt. Lett tilgjengeleg nær bilveg, eller legg i veg innover vidda med fiskestong i handa og sluk eller mark i lomma.

Andre aktuelle tilbud