Fiske i Finndalen statsalmenning.

Fiskekortet dekkjer eit areal på 267.000 da, mesteparten er høgfjell. Området ligg på nordsida av Ottadalen i kommunane Lom og Vågå. Kortet gjeld stongfiske, og evt. oter/ garnfiske på Honnsjoen.

Arter

  • Innlandsfiske
  • Ørret

Kjøp fiskekort her

INVITER PÅ TUR! Del på

Veibeskrivelse

Følg vegen som går over fjellet frå Vågåmo til Lesja. Ta til venstre i krysset der det er skilta mot Lesja, følg vegen rett fram. Etter ei stund kryssar ein ein djup elvedal, når ein kjem opp frå den dalen kjem ein til eit nytt kryss, ta til venstre, og så er det berre å halde rett fram. Vegen inn i Finndalen er bomveg og det må betalast avgift for å køyre på han. Vegen er ikkje brøytt om vinteren.
Andre moglegheiter for å koma inn i Finndalen er til fots frå Lia i Lom (nordsida av Ottaelva aust for sentrum i Lom). Der er det god stig og ganske lett å gå når ein kjører eitt stykkje opp i lia. Det fins og andre vegar som er aktuelle å bruke dersom ein vil ta seg inn i området til fots, med med tanke på fiske er dei to nemnde dei mest aktuelle.

Viktige datoer

Det er ikke lagt inn noen viktige datoer

Om oss

Finndalen fjellstyre forvaltar Finndalen statsallmenning som ligg i Lom og Vågå kommuner i Oppland. Totalareal: 267.200 daa, der ca 256.700 daa er høgfjell.

SMÅVILTJAKT: Rype, hare, skogsfugl og andre jaktbare arter . Fritt kortsalg for jakt u/hund 15.09 - ut februar. Fuglejakt m/hund 15.09-29.09 (18 kort a 5 dager fordelt på tre 5-døgns perioder), harejakt m/hund 11.-17/10 (5 kort a 7 dager). Jakt med hund blir tildelt etter søknad, og trekning. Søknadsfrist 1/4. Kortsalg: YX i Vågåmo, Esso i Lom, og på Inatur. VILLREINJAKT: Egen kvote til utanbygdsbuande (ca. 20 kort). Søknad på Inatur for alle, både innan og utanbygds. ELGJAKT: Eitt felt som går på omgang mellom innanbygds lag i Lom, Skjåk og Vågå. Søknadsfrist 02. mai, blir lyst ut på Inatur dei åra det er ledig.

INNLANDSFISKE: 10 vatn og 26 km elv med aure. Stangfiske. Oter- og garnfiske på Honnsjoen for utanbygds. Kortsalg same plassar som jaktkortsalg.

To hytter/ buer, ei ved Honnsjoen og ei ved Råkåvatnet.  Sjå eigne sider her på Inatur for meir opplysning og evt. booking av hytter.

Kontaktinformasjon:

Sekretær/ fjellstyrekontor: 

Knut Øyjordet 909 66277

Erik Myrum 907 39335

Fjelloppsyn:

Ketil Gutubø 913 02828 

Kontakt oss

Finndalen fjellstyre

61 29 37 37

finndalen@fjellstyrene.no

Lenker på denne siden

  • Ingen lenker

Fiskekvoter

Det er ingen kvotebegrensninger på dette tilbudet.

Mer detaljert beskrivelse

Fiskekortet gjeld i Finndalen statsalmenning i Lom og Vågå kommune. Innanbygds som skal fiske med fastståande reiskap må løyse eige fiskekort sjå lokal fiskekortselgjar (YX Vågå, eller på Esso i Lom)

Innanfor området finn ein store fjellvatn som Råkåvatnet og Honnsjoen, små tjønner, og gode fiskemoglegheiter i elvene Finna og Råkåelva.

Auren er einaste arten i området. Fjellstyret set kvart år ut fisk på Råkåvatnet (1364 moh.), og på ein del av tjønnene i statsalmenninga. Honnsjoen har gode vilkår for naturleg rekruttering, og er eit vatn som toler ganske hard beskatning av fiskeressursane

 

Beliggenhet og terrengbeskrivelse

Området ligg nord for Ottadalen, i kommunane Lom og Vågå. I vest grensar det mot Skjåk og i nord mot Lesja, og er ein del av det området som og vert kalla Reinheimen. Største delen er høgfjell, men statsalmenninga har namnet sitt etter Finndalen, ein frodig seterdal, der elva Finna renn. Terrenget stig bratt opp frå dalbotnen dei fleste stadar, men er litt rolegare i området omkring Vangen.
Like før ein kjem til Vangen har fjellstyret lagt til rette med ein enkel campingplass med utedo og søppelstativ.
Fjellstyret har ei hytte ved Råkåvatnet. Den vart bygd i 2002, og er mogleg å leige etter nærare avtale. Leige er kr 300 pr. døgn(inkl. båt), for fleire opplysningar ta kontakt på telefon eller e-post. Hytta ligg på sørsida av vatnet, det er difor raskast å gå opp på vestsida av Råkåelva (Merk at det IKKJE er den hytta som er innteikna på kartet på denne sida)
På Honnsjoen har fjellstyret båt, som det er mogleg å låne.

 

 

Fiskeregler

Finndalen fjellstyre har fastsett følgjande fiskereglar for fiske i Finndalen statsallmenning sine vatn og elvar:

 

Fiske kan skje mot løysing av fiskekort. Personar under 16 år treng ikkje løyse fiskekort for fiske med stong eller handsnøre. Alle som skal fiske med oter eller garn må løyse fiskekort, også dei under 16 år.

 

Alle har høve til å fiske med stong eller handsnøre. På Honnsjoen kan alle som er fast busette i Norge (gjeld også utlendingar som er busette i Norge), også fiske med oter og garn mot løysing av korttypen stong-, oter- og garnfiske (botngarn). Her er det fritt antal garn og fri maskevidde, men for kvart femte garn må det nyttast eitt garn med maskevidde 24 mm eller mindre (1 garn på 24 mm eller mindre ved bruk av 1-5 garn, 2 garn på 24 mm eller mindre ved bruk av 6-10 garn osv.) Kvart garn kan ha ei lengde på inntil 25 m. Det er forbode å ha garn ståande i vatnet mellom kl. 10.00 og kl. 16.00. Alle garn skal vera merka med godt synleg flytande merke med namnet til eigaren.

 

Innanbygdsbuande har høve til å fiske med stong, handsnøre, oter, reiv og garn (botngarn). Det er eigne reglar for bruk av fastståande reiskap (reiv og garn) på dei andre vatna i statsallmenninga.

 

Alt fiske er forbode i tida frå og med 20. september til og med 31. oktober, med unntak av Honnsjoen, der fiske er lovleg heile året. I elv og bekk er fiske frå båt og alt anna enn stongfiske forbode. Hov kan nyttast som hjelpereiskap. Isfiske kan skje på alle vatn.

 

Brot mot reglane er straffbart.