Fiske i Sandsa i Suldalsheiane
Dei beste fiskestadane i Sandsavatnet er i dei store bekkeosane. Ta deg også gjerne ein tur til Djupedalsområdet, Svinstølsvatnet, Månastølen og Lånene også.
Arter
- Innlandsfiske
- Ørret
Beliggenhet
Viktige datoer
Kontakt selger
+ 47 52790560
Kjøp fiskekort her
Fiskekvoter
Mer detaljert beskrivelse
Sandsavatnet
Sandsavatnet er eit vatn som ofte er regulert opp og ned. Vatnet er relativt vanskeleg å fiske i på låg vasstand, og ein skal passe seg for den blaute grunnen. På høg vasstand er det mest likegyldig kvae in fiskar med. Beste fiskeplassane er i dei store bekkeosane, på vassdekte gras/ lyngområder og rundt Longanes.
Djupedalsområdet/ Killingvatn
I desse områda er det mykje fin fisk, som ikkje alltid er like lett å få. Stor fisk er ofte var fisk, desse er ikkje noko unntak. Bruk lett utstyr, men ikkje for svak, for her kan ein få seg ein fin overrasking. Vatna er ikkje djupe så bruk små slukar eller skei slikar, makk eller floge (best på kvelden eller natta).
Steinstølen Her ligg det to tjern som ein ikkje skal gå forbi utan vidare. Fisk med mørke slukar eller spinnarar. Regnar det så forsøk med makk. Her er det ikkje mykje fisk men ein kan få fisk opp mot kiloen her. På utsida ligg ei lita elv og ei pøyle. Dei inneheld ein del fine men små fisk som tar villig på sluk og spinnarar.
Svinstølvatnet
Eit stort vatn med mykje fin fisk i. Desse fiskane får ein på det aller meste til alle tider på døgeret.
Månasølen
Her gjeld akkurat det same som i Svinstølvatnet.
Lånene
Ikkje lett vatn å komme til, men her finn du ganske fin fisk som tek på det meste ein sleng uti. Problemet høgare i heia er at fisken ikkje alltid vil bita. Dei har fôringstider som ikkje er lette å forstå seg på, og dei kan sulta seg i dagar før dei tek opp næring att. Når fisken likevel tek her kan ein få ei flott oppleving.
Anbefalte lenker
Fiskeregler
For å fiske i vatn i Suldal må du ha kjøpt fiskekort for området/vatnet du vil fiske i.
Barn og unge som ikkje har fylt 16 år har rett til gratis fiskekort for fiske etter innlandsfisk i Norge.
I nokre vatn kan du fiske med både oter og garn. Sjå informasjon under kvart enkelt fiskekort.
Veibeskrivelse
Frå Stavanger følg riksveg 13 til Suldal. Kjem du frå Haugesund følgjer du E 134 til Ølen. Følg så riksveg 46 over Sandsfjordbrua og RV 13 til Sand og oppetter Suldalslågen. Ta av RV 13 ved Førlandsbrua til Gullingen og Blåsjøvegen vidare innover i heia. Frå austlandet og Odda følgjer du E 134 til Røldal, og så riksveg 13 til Suldal.
VELKOMMEN !
Gode fisketips
Sluk, mark og flue