Fiske i Mosvatn i Suldalsheiane

Fiskekortområdet strekkjer seg over desse vatna: Mosvatnet, Heiavatnet og Skutevatna, Svartavatn, Såtevatn, Rapaskardstjørna, Bergjordholet, Haiavatna på Reinsheia og vatna på Venaheia

Arter

  • Innlandsfiske
  • Ørret

Beliggenhet

Viktige datoer

Det er ikke lagt inn noen viktige datoer

Kontakt selger

Suldal Turistkontor

+47 52790560

suldal@visitsuldal.no

Kjøp fiskekort her

Fiskekvoter

Det er ingen kvotebegrensninger på dette tilbudet.

Mer detaljert beskrivelse

Mosvatnområdet/Gullingen:
Mosvatnet, Heiavatnet og Skutevatna, Svartavatn, Såtevatn, Rapaskardstjørna, Bergjordholet, Haiavatna på Reinsheia og vatna på Venaheia.


Mosvatnet
Eit grunt vatn med mykje næring som gir mykje små fisk. Etter intensivt arbeid er talet fisk redusert og snittvekta har auka. Kan få fisk opp mot 0,5 kg innover mot Froa. Bra med små, lette og mørke slukar og makk ev. oter. Garn berre i Mosvatnet.

 

Gamleskard, Kringletjønn, Rishei

Mørk tjørn med lite fisk., vekt opp mot 1 kg. Same agn som Mosvatnet.

Svartevatn området Varierande med fisk. Kan få fin fisk i fleire av vatna. Mørke vatn, bruk mørke slukar, blanke vatn- bruk lyse slukar og spinnarar. Også bra med floge og makk.

 

Bergjordholet

Lite vatn og lite men fin fisk. Bruk lyse, små slukar og spinnarar, eller små floger som t.d. corixa.

 

Heiavatn området

Mykje fisk som tek det meste. Lyse vatn som er grunne og har relativt stor produksjon.

 
Anbefalte lenker

Fiskeregler

For å fiske i vatn i Suldal må du ha kjøpt fiskekort for området/vatnet du vil fiske i.
Barn og unge som ikkje har fylt 16 år har rett til gratis fiskekort for fiske etter innlandsfisk i Norge.
I nokre vatn kan du fiske med både oter og garn. Sjå informasjon under kvart enkelt fiskekort.

Veibeskrivelse

Frå Stavanger følg riksveg 13 til Suldal. Kjem du frå Haugesund følgjer du E 134 til Ølen. Følg så riksveg 46 over Sandsfjordbrua og RV 13 til Sand, og langs Suldalslågen til Førlandsbrua. Ta av RV 13 ved Førlandsbrua til Gullingen. Frå austlandet og Odda følgjer du E 134 til Røldal, og så riksveg 13 til Suldal.
VELKOMMEN !

Gode fisketips

Sluk, mark og flue

Andre aktuelle tilbud