Fiske i Fyresdal - Gode fiskeområde - god plass!

Med eit areal på totalt 1277 km2 og meir enn 390 vatn over 10 dekar har Fyresdal kommune god plass til dei som kjem hit for å oppleve natur og fiskelykke.

Arter

  • Ørret
  • Røye
  • Sik

Beliggenhet

Viktige datoer

Det er ikke lagt inn noen viktige datoer

Kontakt selger

Fyresdal Fiskefond

35067703/91632615

helge.kiland@gmail.com

Kjøp fiskekort her

Fiskekvoter

Det er inga kvoteavgrensning på dette tilbodet.

Mer detaljert beskrivelse

Mange kjem til Fyresdal nettopp for å fiske. Andre har ikkje fiska før, men gleda ved å få ein fisk på kroken er like stor anten du er nybyrjar eller erfaren fiskar.
Vi har derfor plukka ut 15 gode fiskeområde, som alle har ulike eigenskapar. Nokre område passar for heile familien, andre ligg langt frå bilveg i eit vanskelegare terreng og eignar seg derfor betre for dei som likar større utfordringar.

 

Fiskebestand

I dei fleste vatna er aure den einaste fiskearten, og for 150 år sidan var det ikkje andre fiskeartar i Fyresdal.

I Fyresvatn blei det sett ut røye på slutten av 1800-talet. I tillegg til Fyresvatn finst det også røye i Drang, Flatlandsvatn og i Kleivtjønn. Siken høyrer til laksefiskane og er den dominerande arten i Skrevatn, Fyresvatn og Drang. I Bondalsvatn finst det også sik.

Siken er ein typisk planktonetar som gjeng i stim i dei frie vassmassane. Han skil seg i frå dei andre fiskane i Fyresdal mellom anna ved å ha store, blanke og litt lause skjell. Ryggen er mørk, sidene blanke og buken blank eller kvit. Siken har liten munn og overbitt.

I Fyresvatn gjeng det nå vanlegvis 3 sikar på kiloen, medan siken i Skrevatn bare er 60 -70 gram. Men her finst det også enkelte store eksemplar som truleg lever meir av insekt og andre smådyr. Siken gjeng som regel opp mot dei større elvane for å gyte nær jul.

 

 

Fiskeregler

Kjøp av fiskekort gjev rett til fiske med stong og handsnøre i dei områda fiskekortet gjeld for. Dei som skal fiske plikter å orientere seg om kvar det er lov å fiske og om dei reglane som gjeld. 

Ungar under 16 år kan etter Lov om innlandsfiske fiske fritt med stong og handsnøre fram til 20. august kvart år.
Ved kontroll har ein plikt til å syne fram fiskekort eller legitimasjon.

Fiske med levande fisk som agn og spreiing av nye fiskeartar er forbode! Hjelp oss å halde vatna frie for ørekyte også i framtida!

Hugs fare for skogbrann! Det må ikkje gjerast opp open eld i tida 15. april - 15. september.

Far varsamt i naturen. Kast ikkje frå deg avfall, fiskenøre eller liknande. Vis omsyn til andre turfolk og tenk deg om når du bryt granbar og samlar ved til bålet.

Veibeskrivelse

Det er ca 15 mil til Kristiansand, 10 mil til Arendal og 12 mil til Skien/Porsgrunn. Frå sør riksveg 355 frå riksveg 39 (Telemarksvegen) på Tjønnefoss, frå nord riksveg 355 frå riksveg 38 i Krossli.

Gode fisketips

Mark, sluk og fluge

Andre aktuelle tilbud