Ørretfiske i Jotunheimen

Opplev draumen om ørretfiske på Gjende, med fiskestong gjennom Jotunheimen eller familietur med telt og fiske ved idylliske vatn og med sprøsteikt fisk i panna! Nyt høgfjellet ved stille fjellvatn!

Arter

  • Innlandsfiske
  • Ørret

Kjøp fiskekort her

INVITER PÅ TUR! Del på

Veibeskrivelse

Frå Lom vestover langs riksveg 55 over Sognefjellet. 
Frå rv 55 opp Visdalen til Spiterstulen, - innfallsport.
Frå rv 55 opp Leirdalen til Leirvassbu, - innfallsport.

Fra Vågå eller Fagernes langs riksveg 51 mot Gjendesheim til
Gjendeosen, - innfallsport.

Frå Eidsbugarden, -innfallsport.
Frå Vetti, Øvre Årdal, - innfallsport.
Frå Turtagrø, - innfallsport.

Kontakt oss

Lom fjellstyre

Odd Repp / Magny Hilde

91697613/48098049

lom@fjellstyrene.no

Lenker på denne siden

  • Ingen lenker

Fiskekvoter

Det er ingen kvotebegrensninger på dette tilbudet.

Mer detaljert beskrivelse

Felles fiskekort  for Jotunheimen er laga for deg som vandrar i Jotunheimen og som vil fiske i fleire vatn og vassdrag i dette store området.

 

Å rusle med fiskestanga langs eit vassdrag eller rundt eit stille vatn, og oppleve freden og roen i fjellet, det må berre nytast. Det er verkeleg ferie! Og når dagen kanskje blir avslutta med nyfiska aure i panna, kan det ikkje bli bedre!

 

Fisket i Jotunheimen kan vere veldig bra, men er sjølvsagt avhengig av veret. Men kvaliteten på auren i Jotunheimen er udiskutabelt førsteklasses. Ei delikatesse av dei sjeldne! 

Kortet gjeld for over 60 små og store fiskevatn og eit ti-tals elver i sentrale delar av Jotunheimen. Det meste av arealet ligg over 900 m.o.h. med fleire av Norges høgast liggande fiskevatn. Det er aktiv fiskekultivering i heile området, og det blir jamnleg sett ut settefisk i mange vatn. På nokre få vatn er det stor sjølvrekruttering, og tett av småfisk, t.d på enkelte vatn på Memurutunga.

 

Generell beskrivelse

Fiskekort for Jotunheimen gjeld for stong og handsnøre i sentrale deler av Jotunheimen frå nasjonalparkgrensa i aust og nordaust til Rv 55 Sognefjellsvegen i nord, eit område på nesten 1200 km2. Kart for området ligg på heimesida www.lom-fjellstyre.no. Viktige vatn er Gjende (utanom Gjendeosen), Bessvatnet, Langvatnet, Leirvatnet og Preststeinvatnet. Viktigaste innfallsportane er Gjendeosen, Veodalen, Spiterstulen, Leirvassbu og Sognefjellet. Russvatnet er privat og er ikkje inkludert i ordninga.

Kortet er eit samarbeid mellom Luster Austre fjellstyre, Vågå fjellstyre og Lom fjellstyre og gjeld for delar av statsallmenningane Luster Austre, Leir- og Bøverdalen, Visdalen, Vårdalen og Langmorkje.

 

Fiskebestand 
Ørret, eller aure, er einaste fiskeslaget i alle vatn og elver.

Mange av vatna ligg så høgt at det ikkje er naturleg rekruttering. I mange av desse vatna blir det sett ut settefisk jamnleg. Oversikt over utsetjing finst på www.lom-fjellstyre.no.

På dei vatna med best næringstilgang, er det ikkje uvanleg å ta fisk på mellom 1 og 2 kilo. Men fisk i vektgruppa 0,3 - 0,7 kg er det vanlege.

I enkelte vatn er det så stor sjølvrekruttering at dei er overbefolka, og det er tett av småfisk.

Gode fiskevatn er frå aust: Vestenden av Gjende, Bessvatnet, Øvre Leirungen, vatna på Memurutunga, Grisletjerna (Lom fjellstyre har båt til leige), vatna i Raudalen, Langvatnet (Lom fjellstyre har hytte og båt til leige), Leirvatnet, vatna i Gravdalen, Preststeinvatnet.

Fisketips 
Tidleg på sommaren er vatna i Gjendeområdet og i Bøverkinnhalsen beste fiskeområda. Dei ligg lågast og er tidlegast isfri. Dei høgareliggande vatna på 1300 - 1500 m.o.h.er gjerne ikkje isfri før langt ut i juli.

Fleire av vatna sør for Sognefjellsvegen, mellom Bøverkinnhalsen og Turtagrø,er svært lett tilgjengelege og gode fiskevatn. Eller kva med fisking langs elva i Leirdalen, eller vestover Gravdalen frå Leirvassbu? Her finst mange lett tilgjengelege og gode fiskeplassar!

For lenger turar: Ta båten til Memurubu eller Gjendebu og fisk i Gjende eller i vatna på Memurutunga. Både vatna i Svartdalen, Grisletjønnen på Gjendetunga og vatna innover Raudalen er gode fiskevatn. 
Bukkehåmårtjønna og Leirungstjønnene på sør-aust enden av Gjende er fine mål for dei som likar å fiske eit stykkje utanfor "allfarveg".

Flugufiske: Leirungsåa der ho renn ut i Gjende, innløpsosen på Øvre Leirungen, eller utløpet av Leirvatnet. 

Beliggenhet og terrengbeskrivelse 
Kortet gjeld for deler av statsallmenning i Luster, Vågå og Lom. Heile området ligg i typisk høyfjellsnatur, og det meste er snaufjell over 900 moh.. 

Jotunheimenkortet gjeld frå nasjonalparkgrensa i aust og nordaust til Rv 55 Sognefjellsvegen i nord, eit område på nesten 1200 km2. Kart for området ligg på heimesida www.lom-fjellstyre.no. Viktige vatn er Gjende (utanom Gjendeosen), Bessvatnet, Langvatnet, Leirvatnet og Preststeinvatnet. 

Viktigaste innfallsportane er Gjendeosen, Veodalen, Spiterstulen, Leirvassbu og Sognefjellet

 

 

Anbefalte lenker:

Fiskeregler

Kortet gjeld for fiske med ei stong eller eitt handsnøre i avgrensa område i sentrale Jotunheimen. Gjeld ikkje for Russvatnet som er privat.
Barn inntil 20 år fiskar gratis.
Kortet kan kjøpast av alle, både nordmenn og utlendingar.

Fiskarane pliktar å gjere seg kjend med kva område dette kortet gjeld for, og dei offentlegrettslege reglane som gjeld for fiske.