Fiskekort i Lom

Fiskekortet gjeld for Vårdalen, Visdalen og Leir - og Bøverdalen statsallmenningar i Lom kommune. Desse dekkjer eit areal på ca. 1,2 mill. dekar.

Arter

  • Innlandsfiske
  • Ørret

Kjøp fiskekort her

INVITER PÅ TUR! Del på

Veibeskrivelse

Fylkesveg 55 over Sognefjellet går gjennom allmenningen. Frå den er det fleire bomvegar inn i området. Fra fylkesveg 15 går det sidevegar mot allmenningen i Veodalen/Smådalen og Sålell.

Til Lom er det mellom 30 og 40 mil både frå Bergens-, Trondheims- og Oslo-området.

Kontakt oss

Lom fjellstyre

Odd Repp / Magny Hilde

91697613/48098049

lom@fjellstyrene.no

Lenker på denne siden

  • Ingen lenker

Fiskekvoter

Det er ingen kvotebegrensninger på dette tilbudet.

Mer detaljert beskrivelse

Fiskekortet gjeld for Vårdalen, Visdalen og Leir - og Bøverdalen statsallmenningar i Lom kommune. Desse dekkjer eit areal på ca. 1,2 mill. dekar. Heile kommunens areal er på snaut 2 mill. dekar. Størstedelen av arealet ligg høgare enn 900 m.o.h. Det er totalt ca. 140 små og store fiskevatn, og ca. 130 km med fiskeførande elver i allmenningane. Aure er det einaste fiskeslaget.

 

Generell beskrivelse

Fiskekorta gjeld for fiske i Vårdalen, Visdalen og Leir- og Bøverdalen statsallmenning, med unntak av vatna Tesse, Dågåtjern og Smådalsvatna, og elva Smådøla nedanfor Nåvårseter bru.

Det er fritt fiske med stong for barn under 16 år.
Det vert innført fritt fiske for fiske med stong eller handsnøre for ungdom inntil det kalenderåret dei fyller 20 år. Frikort skal dei kunne få utskrive hjå kortseljarane eller på fjellstyrekontoret mot framvising av aldersbevis.

Fiskebestand 
Aure er det einaste fiskeslaget i alle vatn og elver.
Mange av vatna er så høgtliggjande at det ikkje er naturleg rekkruttering av auren. I mange vatn vert det derfor sett ut settefisk jamnleg. Før skjedde dette helst om hausten, men nå har vi teke i bruk snøscooter til dette arbeidet på dei mest avsidesliggjande vatna, og set ut fisken gjennom isen om våren. Dette har effektivisert dette arbeidet vesentleg.
På nokre få vatn er det så stor sjølvrekruttering at det er overbefolka, og tett av småfisk.

På dei vatna det er best næringstilgang, er det ikkje uvanleg å få fisk på mellom 1 og 2 kg, men fisk i vektgruppa 0,3 - 0,7 kg er det vanlege.

 

Fisketips 
Fluefiske ved bilveg: Bøvra elv frå allmenningsgrensa med Dalsvatnet og oppover til Prestsetrene. Utløpsos til Høyvatnet.
Stor fisk: Nedre Halsatjernet, Sylvetjern, Eilevsvatnet, Leiråstjernet, Juvvatnet, Nedre Rindtjernet.
Garnfiske for alle, både utanbygds (ikkje utlendingar) og innanbygds: Høyvatnet

Områda i og rundt Veodalen og Smådalen i aust, og Bøverdalen i vest, er dei mest aktuelle på vår og forsommer da det her er tidlegaste isløysinga. Sesongen er stuttast i dei vestlege traktene, da det sjeldan er fiskbart her før siste halvdelen av juli. Dette gjeld for dei høgtliggjande områda opp mot 13-1500 m.o.h.

 

Beliggenhet og terrengbeskrivelse 
Allmenningane utgjer ein stor del av dei sentrale delane av Jotunheimen. Nesten alt areal ligg høgare enn 900 m.o.h.
Mange av vatna er lett tilgjengelege, men det er også område med fleire timers gongavstand, der ein er heilt einsleg om fisket.
Terrenget er av det tøffaste høgfjellsterrenget vi har i Norge, og vert meire alpint dess lenger vest ein kjem. Tak omsyn til dette ved utrustning på lengre turar inn i området. Sjølv midt på sommaren kan det gå snøbyger i desse fjelltraktene.

 

Anbefalte lenker:

Fiskeregler

 

Fiskekortet gjeld for fiske i Vårdalen, Visdalen og Leir- og Bøverdalen statsallmenning, med unntak av vatna Tesse, Dågåtjern og Smådalsvatna, og elva Smådøla nedanfor Nåvårseter bru.

 

Familiekort er gyldig for samboere/ektefeller og enslige med barn under 20 år. Velg tillegg på fiskekort for fiske for familie.

 

Sjå fiskereglane i folderen "Orienteringsfolder med fiskereglar 2017". Ta utskrift av reglane ved kjøp av fiskekort.

Fiske med stong er lovleg for alle.

Fiske med oter er lovleg både for innanbygds og utanbygds i Norge, men ikkje for utlendingar. Utanbygds kan fiske med oter på alle vatna unnateke desse: Eilevsvatnet, Sylvetjernet, Leiråstjernet og Halsatjerna (Bakkebergstjerna). Bruk av båt for utanbygdsbuande til oterfiske vert tillate på alle vatna der utanbygdsbuande har løyve til å fiske med oter.

Garnfiske er lovleg berre for innanbygdsbuande i Lom, med unntak på Høyvatnet. Her kan også utanbygdsbuande busette i Norge fiske med garn. Dei må da ha fiskekortet som gjeld for oter- og stongfiske. Dei garnkvotane som står i reglane gjeld pr. kort. Det er høve til å ha med folk som ikkje har garnfiskekort, som rors- kar/kvinne.

 

 

Gode fisketips