Flott ørretfiske - Flekke og Guddalsvassdraget

Heile dalføret frå og med Flekkefjorden til og med Steinset øvst i Guddal er ei einaste stor naturperle. Vassdraget skifter mellom vatn og elv.

Arter

  • Ørret
  • Røye

Beliggenhet

Viktige datoer

Det er ikke lagt inn noen viktige datoer

Kontakt selger

Flekke elveigarlag SA

Hallvard Haaland

90633480

hallvard.haaland@gmail.com

Kjøp fiskekort her

Om selger

Forutan salet her på inatur kan du få tak i kort såleis:

Sone 1, 3 Joker Flekke tlf 57 73 57 11 etter at laksefiske har starta 1.6. 

Sone 2 og Ola Kjell Loneland tlf 909 54 812

 Flekke og Guddal grunneigarlag administrerar fisket i sone 4. Dei har opna for gratis fiske.

 

Fiskekvoter

Fiskar du etter laks er kvoten 2 fiskar pr døgn pr kort. Se lokale fiskeregler fra Flekke Elveeigarlag.

Mer detaljert beskrivelse

Vassdraget skifter mellom vatn og elv der det strekkjer seg om lag 30 km frå fjorden til fjellet. I elva sitt nedslagsfelt er her i tillegg 20 - 30 fjellvatn med fisk. Fleire av dei er kalka og/eller tilrettelagde for gyting. Vassdraget er verna mot kraftutbygging og hovedvassdraget er fullkalka.

 

Sone 3 omfattar 4 vatn i anadrom strekning: Fløsjøen (aure), Rennestraumsvatnet (aure), Breivatn (aure og røye) og Hovlandsvatn (aure og røye). Her kan fiskast frå land, eller det er råd å få leige båt i tre av vatna. I grenseområda mellom sone 1, 2, og 3 må fiskarar i sone 3 halde god avstand slik at dei ikkje er til sjenanse for fiskarane i sone 1 og 2.

Sone 4 omfattar alle elvar og vatn ovanfor anadrom strekning utanom Steinsetvatnet og Fjellevatnet (sjå kart). Her er aure i alle vatn og røye i Nautsundvatnet/Bjordalavatnet og Hovlandsdalsvatnet.

 

Heile hovudvassdraget har ein god bestand av aure. Her er røye i 5 vatn i hovudvassdraget. Det går ål i vassdraget. Nokre vatne er overfolka.

Fiskeregler

Fiske med stong og handsnøre.

Andre aktuelle tilbud