Fiske i Luster Austre statsallmenning og Fortun Grunneigarlag

Luster Austre Statsallmenning og Fortun grunneigarlag tilbyr fiskekort og hytter i allmenningen og grunneigarlaget sitt område. Kortet gjeld for dei store områda Vest-Jotunheimen og Breheimen.

Arter

  • Innlandsfiske
  • Ørret

Kjøp fiskekort her

INVITER PÅ TUR! Del på

Veibeskrivelse

Det er enkelt å komme til området frå Sognefjellsvegen. Ca 1,5 t køyring frå Sogndal og 1 t køyring frå Lom. Ein kan også køyre opp den flotte Fortunsdalen og overnatte på turistforeninga si hytte på Nøstedalssetra.

Viktige datoer

Det er ikke lagt inn noen viktige datoer

Kontakt oss

Fortun Grunneigarlag og Fjellstyret Luster Austre

Aina-Elise Stokkenes

+47 41624301

fjellstyret@lusteraustre.no

Lenker på denne siden

  • Ingen lenker

Fiskekvoter

Det er ingen kvotebegrensninger på dette tilbudet.

Fangstrapportering

For å fiske her må du levere fangstrapport etter turen.

Rapporter fangst

Mer detaljert beskrivelse

Vest-Jotunheimen og Breheimen er høgfjellsområde og blant Noreg sine flottaste villmarksområde. Ein kan leige dei to flotte fjellstyrehyttene Presteinshytta og Gjertvasshytta. Presteinshytta ligg attmed Prestesteinsvatnet ved Sognefjellsvegen. Sjå bilete. Hytta er ny og har sengeplass til 8. Ein må ta kontakt med Luster Austre Fjellstyre for å låne nykkel til Prestesteinshytta medan Fortun bensinstasjon har nykkel til Gjertvasshytta (Øydelagd, vert bygt ny i 2016). Bilete Christian Hillmann og Kjartan Kvien.

 

Området er frå rundt 1000 moh og med dei høgste toppane opp mot 2400 m (Store Skagastølstind på 2405 m). I nordlige delar av Breheimen er det mykje stein- og brelandskap medan det vert meir vegetasjon om meir næringsrikt lengre sør mot Vest-Jotunheimen. Området har mer enn 50 fiskevatn. Ein kan ved fiske i til dømes Presteinsvatnet leige den nye og flotte Presteinshytta som har naust og båt og sengeplass til 8.

 

I 12 av vatna til Luster Austre Statsallmenning er det årleg utsetting av aure. Dette kjem i tillegg til dei vatna kor det er naturleg rekrutering og kor auren dermed ikkje vert kultivert.
Tettleik og storleik på auren varierer frå vatn til vatn. Nokre av vatna har svært flott aure.

Frå Sognefjellsvegen strekk området seg sørover til Vest-Jotunheimen og nordover til Breheimen.

 

Merk at fiskekortet ikkje lenger gjelder for Juvvatnet og Galgebergstjørnene.

 

 

Fiskeregler

Det er lov å fiske med oter, stang og handsnøre.

Det er opna for garnfiske for alle med garnfiskekort i dei 2 største Gravdalstjørnene kto. 1395 og 1380.
Tjørnene ligg ved Gravdalsvegen i Luster austre statsallmenning om lag 2 km sørvest for Leirvassbu.

På kvart kort kan det fiskast med 6 garn (standard fjellauregarn) med maskevidde ikkje mindre enn 35 mm.
Kortet kan også nyttast til stang og oterfiske i heile Luster austre statsallmenning.
Garn og landfeste skal merkast med namn og adresse.

Andre aktuelle tilbud