Fiske i Langmorkje og Nordherad

Fiskekort gjeld Langmorkje og Nordherad statsalm. i Vågå, og Vågå komm. sine vatn: Flatningen, N. Sjodalsvatn, og Gjende m/ elv ned til Øvre Sjodalsvatn. Kun isfiske mellom 10.10 - 15.05.

Arter

  • Ørret
  • Røye

Kjøp fiskekort her

INVITER PÅ TUR! Del på

Veibeskrivelse

Riksveg 51 går tvers gjennom området, slik at det er lett tilgjengeleg både frå Valdressida om Beitostølen, og frå Gudbrandsdalssida. Dersom ein kjem Gudbrandsdalen kan ein anten ta av på Sjoa og kjøre Heidalen til Randsverk, eller kjøre rv.15 frå Otta og ta av ved Randen ca. 5 km. vest for Vågåmo. Når det gjeld overnatting finn ein langs rv. 51 alt frå enkle campingplassar til fjellstuer og høgstandard utleigehytter.

Om oss

Vågå fjellstyre forvaltar, etter Fjellova, bruksrettane til seter og beite, samt jakt, fangst og fiske i Langmorkje og Nordherad statsallmenningar i Vågå kommune. Langmorkje statsallmenning ligg på sørsida av Ottadalen og med eit areal på vel 884 km². Nordherad statsallmenning ligg på nordsida av Ottadalen (areal på vel 24 km²). Innafor området finn du m.a. Besseggen, Gjende, Sjodalen og Lemonsjøen.

For meir opplysningar sjå heimesida vår: Vågå fjellstyre

Kontakt oss

Vågå fjellstyre

Knut Øyjordet 90966277/ Erik Myrum 90739335

vaga@fjellstyrene.no

Lenker på denne siden

  • Ingen lenker

Fiskekvoter

Det er ingen kvotebegrensninger på dette tilbudet.

Mer detaljert beskrivelse

 

 

Generell beskrivelse

Stongfiskesesongen sluttar 10.oktober. I perioden 10. oktober  til 15. mai gjeld fiskekortet kun for isfiske!

 

Fiskekortet dekkjer eit areal på ca 910.000 da. Korttypene ein får kjøpt her på Inatur er for utanbygdsbuande, innanbygds i Vågå løyser eige kort sjå ein av dei lokale kortselgjarane. Med størsteparten av arealet på sørsida av Ottadalen (884.000 da.). Innafor området finn vi alt frå store innsjøar som Gjende (ca 2 mil lang) til små bortgøymde tjønner, og elva Sjoa som renn nedover Sjodalen. For fleire opplysningar sjå Vågå fjellstyre si heimeside: www.vaga-fjellstyre.no

 

Det er kun fast busette i Vågå som kan løyse kort for innanbygdsbuande! Ungdom under 20 år ikan løyse gratiskort for innanbygds ved å velgja rabatten når dei går inn på sesongkort innanbygds.

 

Fjellova sitt krav til busetnad: For å kunne reknast som innanbygds i forhald til fiske i Langmorkje statsallmenning må ein siste året ha vore, og framleis vera fast busett i Vågå kommune ( Det vil seie at ein må vera registrert i folkeregisteret med fast bustadsadresse i kommuna).

 

Fiskebestand
Hovudarten i vatna og vassdraga i Langmorkje er aure, men vi har og røye i to vatn, Flatningen og Surtningen. Med Flatningen som eit svært populært vatn for isfiske. Vågå fjellstyre er medeigar i, og driv eit settefiskanlegg i Randsverk. Frå det anlegget blir det sett ut fisk av lokale stammer, i vatn som av ulike grunnar ikkje har nok naturleg rekruttering.

 

Beliggenhet og terrengbeskrivelse
Mange av vatna og elvestrekningane ligg tett inntil bilveg og er lett tilgjengelege. Men vi har og tjønner og vatn høgt til fjells for dei som liker å gå eit stykkje før fiskinga tek til.
Fjellstyret har båtar til utleige på fleire vatn, båtane kan leigast på ei av turistbedriftene i nærleiken. Leige av båt kostar kr. 100,- pr. døgn, evt. kr. 500,- pr sesong, for meir opplysning om båtleige sjå heimesida vår på www.vaga-fjellstyre.no eller ta kontakt med oss.

 

Lenker

Heimeside med oppdatert info om fiske

Norges Fjellstyresamband - Fellesorganisasjon for norske fjellstyrer

Fiskeregler

Stongfiske er lov frå 15.05 t.om. 10.10, isfiske er lov på alle vatn. Set deg nøye inn i  fiskereglane for Vågå fjellstyre/ Vågå kommune før utøving av fisket startar.

Familiekort: Familiekort gjeld for ektefeller/sambuarpar/einslege m/barn under 20 år

Bruk av båtmotor er lov på Flatningen, Lemonsjøen, Nedre Sjodalsvatnet og Øvre Sjodalsvatnet, maks. motorstørrelse er 10 hk. På Gjende og Bessvatnet er bruk av motorbåt kun tillatt for innanbygds i samband med utøving av bruksrett (m.a. fiske). Desse to vatna har strengare reglare som ein følgje av at dei ligg i Jotunheimen nasjonalpark.
Oter- og garnfiske for utanbygds kan skje på følgjande vatn: Melingen, Veslevatnet, Slomtjønn, Nedre Birisjøtjønn, Birisjøen, Griningsdalsvatnet og Brurskarstjønn.
Utanbygds kan i tillegg fiske med oter på: Surtningen, Nedre Sjodalsvatn, Øvre Sjodalsvatn, Bessvatnet, Øvre Leirungen, Leirungstjønnen og Svartdalstjønnen.

 

Komplette fiskereglar finn du i linkane under her.

Gode fisketips

Noko av sjarmen med fiske er etter vår meining å finna sine eigne plassar og prøve seg fram med agn og fiskemåtar.
Men av dei mest populære plassane er Sjoa frå utløpet av Gjende og nedover, dorging på Lemonsjøen og Flatningen, og isfiske etter røya på Flatningen frå isen legg seg og til utpå nyåret.

Andre aktuelle tilbud