Fiske - Vågå fjellstyre
Fiskekortet gjeld i Langmorkje og Nordherad statsalmenningar i Vågå, og Vågå kommune sine vatn Flatningen, Nedre Sjodalsvatn og Gjende m/elv ned til Øvre Sjodalsvatn.
Arter
- Ørret
- Røye
Beliggenhet
Kontakt selger
Kjøp fiskekort her
Om selger
Vågå fjellstyre forvaltar (etter Fjellova) bruksrettane til seter og beite, samt jakt, fangst og fiske i Langmorkje og Nordherad statsallmenningar i Vågå kommune. Langmorkje statsallmenning ligg på sørsida av Ottadalen og med eit areal på vel 884 km². Nordherad statsallmenning ligg på nordsida av Ottadalen (areal på vel 24 km²). Innafor området finn du m.a. Besseggen, Gjende, Sjodalen og Lemonsjøen.
For meir opplysningar sjå heimesida vår: Vågå fjellstyre
Fiskekvoter
Mer detaljert beskrivelse
Generell beskrivelse
Stongfiskesesongen sluttar 10.oktober. I perioden 10. oktober til 15. mai gjeld fiskekortet kun for isfiske!
Fiskekortet dekkjer eit areal på ca. 910.000 da, størsteparten av arealet ligg sørsida av Ottadalen. Innafor området finn vi alt frå store innsjøar som Gjende (ca 2 mil lang) til små tjønner, og elva Sjoa som renn nedover Sjodalen. For fleire opplysningar sjå Vågå fjellstyre si heimeside: www.vaga-fjellstyre.no
Det er berre fast busette i Vågå som kan løyse kort for innanbygdsbuande! Ungdom under 20 år i Vågå kan løyse gratiskort for innanbygds ved å velje rabatten når dei går inn på sesongkort innanbygds.
Fjellova sitt krav til busetnad: For å kunne reknast som innanbygds i forhold til fiske i Langmorkje statsallmenning, må ein siste året ha vore, og framleis vera fast busett i Vågå kommune (det vil seie at ein må vera registrert i folkeregisteret med fast bustadsadresse i kommuna).
Fiskebestand
Hovudarten i vatna og vassdraga i Langmorkje er aure, men vi har og røye i to vatn, Flatningen og Surtningen. Flatningen er eit svært populært vatn for isfiske. Vågå fjellstyre er medeigar i, og driv eit settefiskanlegg i Randsverk. Frå anlegget blir det levert settefisk av lokale stammer, og sett ut i vatn som ikkje har nok naturleg rekruttering. Oversikt over fiskeutsettingar finn du på heimesida.
Beliggenhet og terrengbeskrivelse
Mange av vatna og elvestrekningane ligg tett inntil bilveg og er lett tilgjengelege. Men vi har også tjønner og vatn høgt til fjells for dei som liker å gå eit stykke.
Fjellstyret har båtar til utleige på fleire vatn, båtane kan leigast på ei av turistbedriftene i nærleiken. Leige av båt kostar kr. 100,- pr. døgn, evt. kr. 500,- pr sesong. For meir opplysningar om båtleige, sjå heimesida vår på www.vaga-fjellstyre.no eller ta kontakt med oss.
Lenker
Fiskeregler
Stongfiske er lov frå 15.05 t.o.m. 10.10, isfiske er lov på alle vatn. Set deg nøye inn i fiskereglane for Vågå fjellstyre/Vågå kommune før utøving av fisket startar.
Familiekort: Familiekort gjeld for ektefeller/sambuarpar/einslege m/barn under 20 år
Bruk av båtmotor er lov på Flatningen, Lemonsjøen, Nedre Sjodalsvatnet og Øvre Sjodalsvatnet, maks. motorstørrelse er 10 hk. På Gjende og Bessvatnet er bruk av motorbåt kun tillatt for innanbygds i samband med utøving av bruksrett (m.a. fiske). Desse to vatna har strengare reglare fordi dei ligg i Jotunheimen nasjonalpark.
Oter- og garnfiske for utanbygds kan skje på følgjande vatn: Melingen, Veslvatnet, Slomtjønn, Nedre Birisjøtjønn, Birisjøen, Griningsdalsvatnet og Brurskarstjønn.
Utanbygds kan i tillegg fiske med oter på: Surtningen, Kvitingen, Nedre Sjodalsvatn, Øvre Sjodalsvatn, Bessvatnet, Nedre Leirungen, Øvre Leirungen, Leirungstjønnen og Svartdalstjønnen.
Komplette fiskereglar finn du i linkane under her.
Veibeskrivelse
Fylkesveg 51 går tvers gjennom området, slik at det er lett tilgjengeleg både frå Valdressida om Beitostølen, og frå Gudbrandsdalssida. Dersom ein kjem Gudbrandsdalen kan ein anten ta av på Sjoa og kjøre Heidalen til Randsverk, eller kjøre fv. 15 frå Otta og ta av ved Randen ca. 5 km. vest for Vågåmo. Når det gjeld overnatting er det alt frå enkle campingplassar til fjellstuer og høgstandard utleigehytter.
Gode fisketips
Noko av sjarmen med fiske er etter vår meining å finna sine eigne plassar og prøve seg fram med agn og fiskemåtar.
Men av dei mest populære plassane er Sjoa frå utløpet av Gjende og nedover, dorging på Lemonsjøen og Flatningen, og isfiske etter røya på Flatningen frå isen legg seg og til utpå nyåret.