Låst

Stongfiske i Ulvik statsallmenning, Hardangervidda

Stongfiske i Ulvik statsallmenning. Høgtliggjande, kan vera kort sesong. Opplysingar Ulvik statsallmenning på mobtelefon 952 34 740.

Arter

  • Innlandsfiske
  • Ørret

Kjøp fiskekort her

INVITER PÅ TUR! Del på

Veibeskrivelse

Lettaste vegen med NSB - Bergensbana, til Finseområdet (Ulvik statsallmenning).

Elles kan du gå Rallarvegen inn  frå t.d. Haugastøl eller Myrdal. Kartbladet "Hardangervidda Vest" i M1:100 000 viser det meste av området med vegar og turstiar. Nærare informasjon også hjå Ulvik fjellstyre.

Viktige datoer


01.01.2016 kl. 09:00

Kontakt oss

Ulvik fjellstyre

95922193

ulvik@fjellstyrene.no

Lenker på denne siden

  • Ingen lenker

Fiskekvoter

Det er ingen kvotebegrensninger på dette tilbudet.

Mer detaljert beskrivelse

Mest kjende staden i Ulvik statsallmenning er Finse. Du kjem deg lett til Finse med toget.  Har vore eit godt stongfiske siste åra. Overnatting: Ulvik fjellstyre har husvere til utleige på Finse, kort veg frå Finse stasjon. Elles er det hotell og  turisthytte i nærleiken av stasjonen. Kontakt Ulvik fjellstyre for leige av fjellstyrehytte evt. booka hytte via inatur.

 

 

Fiskebestand

Gode. Dei siste åra har det vore god rekruttering av fisk i mange vatn, og vertilhøva har gjort at veksten også har vore bra. Men over så store område og med så mykje høgtliggjande fiskelokalitetar, vil det vera variasjonar mellom dei ulike områda.

 Ulvik samarbeider med 3 andre statsallmenningar om eit felles fiskekort. For kr 500,- kan du fiska i Ulvik, Eidfjord, Ullensvang og Røldal statsallmenningar heile sesongen. Merka at dei ulike fjellstyra har litt ulike fisketider, sjå fiskereglane.

Se også vår heimeside

 

Fiskeregler

1. Alle som er fylt 16 år og som vil utøva fiske med stong eller handsnøre, må løysa fiskekort.
2. Det er ikkje lov å nytta annan fiskereiskap enn stong eller handsnøre. Line og ståkrok er forbode.
3. Fiske med stong og handsnøre er i Eidfjord og Ullensvang statsallmenningar tillete frå og med 1. januar til og med 30. september. I Røldal statsallmenning er det tillate å fiska med stong og handsnøre frå og med 15. juni til og med 15. september. I Ulvik statsallmenning er fiske med stong og håndsnøre tillete heile året.
4. Det er forbode å nytta levande fisk som agn.
5. Det er forbode å flytta fisk frå eit vatn til eit anna.
6. Fiske med oter er forbode; jfr. DN-forskrift av 29. mai 1970

Gode fisketips

Fisketilbodet på Eidfjord statsallmenning er lett tilgjengeleg frå RV7 over Hardangervidda. Vidare kjem du inn i sentralområdet ved å køyra inn Tinnhølvegen (bomveg) frå Tråastølen (RV7).
Ved å gå sørover frå Tinnhølen kjem du inn i Ullensvang statsallmenning.
Aure er einaste fiskeart i dei fleste vatn. Du har sjanse til å treffa nærare kjennskap med den store feite "Hardangervidda-auren" . Siste åra har det vore svært god rekruttering i mange vatn, og fjellstyra har drive tynningsfiske i mange vatn.
Finprikkauren (urforma) finn du i vatn og tjørnar nord for Krækkja turisthytte.