Stangfiske i Ål, Hallingdalselva

Ål elvefiskelag SA sel fiskekort for fiske i øvre delen av elva i Ål kommune.

Arter

  • Innlandsfiske
  • Ørret

Beliggenhet

Viktige datoer

Det er ikke lagt inn noen viktige datoer

Kontakt selger

Ål elvefiskelag

Jens Romslo

90020940

jens.romslo@hti.no

Kjøp fiskekort her

Fiskekvoter

Det er ingen kvotebegrensninger på dette tilbudet.

Mer detaljert beskrivelse

Dette kortet gjeld det meste av strekninga frå Strandafjorden til Tingvollfjorden. Unnateke er Oppsjø og strekningar på sørsida av elva der private hagar går ut til elvekanten. Elva vekslar mellom tersklar, stryk og små fossefall.

 

Fiskebestand

I huvudsak vert det fiska etter ørret. Det er på delar av strekninga svært mykje fisk i storleik under 500g. Dette er fin steikefisk og kan gi fine fiskeopplevingar om utstyret er tilpassa fisket. Men det går nokre storruggar på fleire kilo innimellom.
Hausten 2008 vart det konstatert vederbuk i vassdraget. Kor lenge denne har vore her er uvisst, men nokre hevdar at den har vore her lenge, men har vore forveksla med sik. 

 

Beliggenhet og terrengbeskrivelse

Elva går langs dalbotnen. Langs elva går R7 og Bergensbanen. På delar av strekningane går det kommunale og private vegar på motsett side av riksvegen. Det vert arbeidd med merking og tilrettelegging av fiskeplassar.

Heile vassdraget er regulert og vasstanden i elva vil variere med kraftproduksjonen. Endringane kan skje raskt så følg med på vatnet sjølv om storfisken lokkar.

Hallingdal feriepark og Ål idrettslag opparbeider turveg på nordsida av elva frå Strandafjorden via idrettsanlegget på Bråta til Ål camping. På strekninga vil det bli lagt til rette for fiske og nedom Sundre (sentrum i Ål) er det bygd brygge der også rørslehemma kan fiske. Berre delar av strekninga er klar sumaren 2020.

 

Fiskeregler

Fiskekorta gjeld for fiske med ei stang frå land. Hugs å ta omsyn til faren for spreiing av smitte.

Veibeskrivelse

Til dalen kan du kome med Bergensbanen eller langs R7. Det er skilta sykkelveg gjennom dalen

Gode fisketips

Elva egnar seg spesielt godt for fiske med mark og flugu. Sluk og spinnar er gode alternativ. Lokale storfiskarar får mykje fisk og legg vekt på rett teknikk. Du kan ikkje nytte same teknikk her som dei du les om frå fisketurar utanlands.

Andre aktuelle tilbud