Fiske på Voss

Vossakortet gir tilgang til fiske i nærare 500 tjørn og vatn, og i mange elvestrekningar.

Arter

  • Ørret
  • Røye

Kjøp fiskekort her

INVITER PÅ TUR! Del på

Veibeskrivelse

Voss sentrum ligg ca 90 km frå Bergen, og stamvegen Oslo - Bergen, E 16, går gjennom kommunen. På Bergensbanen er Voss stasjon stoppestad for alle tog som går Oslo - Bergen. I tillegg stopper lokaltog Bergen - Myrdal på fleire mindre stasjonar i kommunen .

Viktige datoer

Det er ikke lagt inn noen viktige datoer

Om oss

Voss Grunneigarsamskipnad er ein frivillig samanslutning av grunneigar- og elveigarlag samt skogeigarlag og bondeorganisasjoner på Voss.

 

Kart for fiskeområder vil bli oppdatert, se ellers pdf som viser grovt hvor fiske skal foregå.

 

Se www.grunneigarsamskipnad.no

for mer informasjon om samskipaden.

 

Se www.visitvoss.no for mer informasjon om hva Voss har å by på av andre aktiviteter og overnattingstilbud.

Kontakt oss

Voss Grunneigarsamskipnad

97552500

fredrik.fjose@spv.no

Lenker på denne siden

  • Ingen lenker

Fiskekvoter

Det er ingen kvotebegrensninger på dette tilbudet.

Mer detaljert beskrivelse

Generell beskrivelse

Vossakortet gir tilgang til fiske i nærare 500 tjørn og vatn, og i mange elvestrekningar. Ca 70 % av arealet i kommunen ligg over 600 m.o.h., og Vossakortet gir tilgang til store fjellområder i Stølsheimen, Gråsida, Bordalsfjella og i Raundalen mot Finse. I sør grenser fjellområda til Hardangerfjorden, i nordaust mot Sognefjorden. Fiskekortet omfattar og fiske i fleire store innsjøer som Myrkdalsvatnet (delar av vatnet), Opheimsvatnet, Lønavatnet og Vangsvatnet. I Lønavatnet og Vangsvatnet er det røye i tillegg til aure. Fine moglegheiter for elvefiske ovanfor anadrom del av vassdraget, ikkje minst i Strandaelva som er attraktiv for flugefiske.

 

Fiskebestand
I mange fjellvatn er det fine aurebestander med god kvalitet og moglegheiter for fisk opp mot kiloen. Mange grunneigarlag driv aktivt med kultiveringstiltak. I Vangsvatnet og Opheimsvatnet har det vore utfiskingsprosjekt i fleire år. Dette har gitt fisk med fin matkvalitet.

 

Beliggenhet og terrengbeskrivelse
Voss kommune ligg i indre del av Hordaland, og har fjellområder som grenser både til Sognefjorden og Hardangerfjorden. Kommunen har eit variert landskap med lågland, skogsområder og mykje fjell. Vossavassdraget er hovudvassdraget i kommunen, med ca 40 km anadrom strekning. Det er mange moglegheiter til turopplevingar i Voss kommune, der det for eksempel er flott å kombinere fotturar og fiske. 

 

Fiskeregler

I Vangsvatnet gjeld spesielle reglar sidan dette høyrer til anadrom strekning av vassdraget: Det er berre opna for fiske etter INNLANDSFISK. Generelt skal all villaks og sjøaure setjast ut att mest mogleg uskada. Om det vert fanga og avliva oppdrettslaks, skal det takast skjelprøve som skal leverast inn til Vangsvatnet grunneigarlag, eller Voss Klekkeri. Villaksen i vassdraget er freda!

Stang og snøre: Tillatt heile året, frå land, båt og is. På anadrom strekning i Dyrvo og Joni og i og i 100-meters sone utanfor er det berre tillatt å fiske etter innlandsfisk i tida 15.4.-20.8. Dette gjeld også i Vosso frå Vangsvatnet og opp til første bru. (Ovanfor første bru er det eige sal av fiskekort for sjøaurefiske). Alt fiske innafor 200 meter frå utløpet av Vangsvatnet er forbode heile året.

Oterfiske: Tillatt i tida 15.5. til 15.7.

Ikkje behov for å løyse fisketrygdavgift sidan Vangsvatnet berre er opna for innlandsfiske. Gratis fiske for born under 16 år.
Rapportering: Vangsvatnet grunneigarlag vil at alle fangstar i vatnet skal rapporterast. Send sms eller ring mobilnr. 915 98 410. Hugs å informere om dato, fiskeslag, samla vekt og tal fiskar. 

 

Oversiktskart over Vossakortet, se vedlegg

Fiskekortet gjeld i område 18-1 og 18-3

Gode fisketips

Varierte moglegheiter enten du likar å fiske med sluk, spinnar, mark og dubb, oter eller fluge. I mange fjellvatn er mark eller oter eit bra alternativ. I Strandaelva ovanfor Lønavatnet er det ypparlege forhold for flugefiske.