Fellesskortet - Stongfiske Hardangervidda Vest

Med dette fiskekortet får du tilgang til mange, gode fiskevatn i dei fire statsallmenningane Ullensvang, Eidfjord, Røldal og Ulvik, vest og nord på Hardangervidda. Frå Finse til Haukelisæter!!!

Arter

  • Innlandsfiske
  • Ørret

Beliggenhet

Viktige datoer

Det er ikke lagt inn noen viktige datoer

Kontakt selger

Ullensvang fjellstyre

Steinar Lund

48270778

ullensvang@fjellstyrene.no

Video

Kjøp fiskekort her

Om selger

Ullensvang fjellstyre har ansvaret for sal av Fellesskortet for dei fire statsallmenningane Røldal, Ullensvang, Eidfjord og Ulvik. På heimesida til fjellstyra på Hardangervidda finn du meir info om statsallmenningane og fjellstyra.

 

Overnatting:

Hytter Ullensvang fjellstyre

Hytter Ulvik fjellstyre

Hytter Eidfjord fjellstyre

 

 

Fiskekvoter

Det er ingen kvotebegrensninger på dette tilbudet.

Fangstrapportering

For å fiske her må du levere fangstrapport etter turen.

Rapporter fangst

Mer detaljert beskrivelse

Kjøpte kort blir ikkje refundert, jf. angrerettloven § 22 m).

 

NB! Du kan kjøpe fiskekort for kvar enkelt statsallmenning i staden for dette kortet. Sjå oversikt over alle fiskekorta for statsallmenningane på Hardangervidda her: https://www.inatur.no/fiske/5c924219d7649d0003c62aac/fiske-i-statsallmenningane-pa-hardangervidda

 

Med fiskekortet "Hardangervidda Vest" får du eit fiskekort som gjeld i fire statsallmenningar til ein pris av 500,- kr for ei veke og 1000,- kr for sesong. Fiskekortet gjeld soleis eit stort område som dekkjer alt statsallmenningsareal på Hardangervidda som ligg i Hordaland fylke. Mesteparten av arealet ligg mellom Finse i nord og Haukelisæter i sør. Høgtliggjande og store område, der mykje av areala berre er tilgjengeleg til fots. 

 

 

Fiskebestand

Dei siste åra har det vore god rekruttering av fisk i mange vatn, og vertilhøva har gjort at veksten også har vore bra. Men over så store område og med så mykje høgtliggjande fiskelokalitetar, vil det vera variasjonar mellom dei ulike områda.

 

Hugs å lesa fiskereglane før du reiser på tur!!

 

 

Fiskeregler

1. Alle som er fylt 16 år og som vil utøva fiske med stong eller handsnøre, må løysa fiskekort.
2. Det er ikkje lov å nytta annan fiskereiskap enn stong eller handsnøre. Line og ståkrok er forbode.
3. Fiske med stong og handsnøre er tillate heile året i alle dei fire statsallmenningane. 
4. Det er forbode å nytta levande fisk som agn.
5. Det er forbode å flytta fisk frå eit vatn til eit anna.

Kjøpte kort blir ikkje refundert, jf. angrerettloven § 22 m).

Veibeskrivelse

Med NSB - Bergensbana, til Finseområdet (Ulvik statsallmenning). RV 7 over Hardangervidda (Eidfjord Statsallmenning). Tinnhølvegen frå Tråastølen er eit fint startpunkt for turar til fiskevatn i Eidfjord og Ullensvang statsallmenningar. Frå Haukelisæter (E-134 over Haukelifjell) innover i Røldal statsallmenning og vidare til Ullensvang statsallmenning. Kartbladet "Hardangervidda Vest" i M1:100 000 viser det meste av området med vegar og turstiar. Nærare informasjon også hjå dei einskilde fjellstyra.

Gode fisketips

Ulvik statsallmenning er lett tilgjengeleg frå Bergensbanen, Eidfjord statsallmenning og Ullensvang statsallmenning frå Rv. 7 over Hardangervidda, og Røldal statsallmenning og Ullensvang statsallmenning frå E134 over Haukelifjell. Sjå salssida for fiskekort på kvar enkelt statsallmenning for meir info om kvart område.

Andre aktuelle tilbud