Fellesskortet - Stongfiske Hardangervidda Vest

Med dette fiskekortet får du tilgang til mange, gode fiskevatn i dei 4 statsallmenningane Ullensvang, Eidfjord, Røldal og Ulvik, vest og nord på Hardangervidda. Frå Finse til Haukelisæter!!!

Arter

  • Innlandsfiske
  • Ørret

Kjøp fiskekort her

INVITER PÅ TUR! Del på

Veibeskrivelse

Med NSB - Bergensbana, til Finseområdet (Ulvik statsallmenning). RV 7 over Hardangervidda (Eidfjord Statsallmenning). Tinnhølvegen frå Tråastølen er eit fint startpunkt for turar til fiskevatn i Eidfjord og Ullensvang statsallmenningar. Frå Haukelisæter (E-134 over Haukelifjell) innover i Røldal statsallmenning og vidare til Ullensvang statsallmenning. Kartbladet "Hardangervidda Vest" i M1:100 000 viser det meste av området med vegar og turstiar. Nærare informasjon også hjå dei einskilde fjellstyra.

Om oss

Fellesstyret for Ullensvang statsallmenning har ansvaret for sal av Fellesskortet for dei 4 statsallmenningane Røldal, Ullensvang, Eidfjord og Ulvik. Fellesstyret for Ullensvang statsallmennig driftar og heimesida for Ullensvang statsallmenning. På heimesida kan du lesa om arbeidet til Fellesstyret i form av møtebøker, blogginnlegg, jakt, fiske og hytteutleige.

 

Sjå elles våre heimesider

www.hardangervidda-fjellstyra.no

 

Kontakt oss

Fellesstyret for Ullensvang statsallmenning

Steinar Lund

48270778

ullensvang@fjellstyrene.no

Lenker på denne siden

  • Ingen lenker

Fiskekvoter

Det er ingen kvotebegrensninger på dette tilbudet.

Mer detaljert beskrivelse

Med fiskekortet "Hardangervidda Vest" får du 1 fiskekort som gjeld i 4 statsallmenningar til ein pris av 300,- kr for ei veka og 500,- kr for sesong. Fiskekortet gjeld soleis eit stort område som dekkjer alt statsallmenningsareal på Hardangervidda som ligg i Hordaland fylke. Mesteparten av arealet ligg mellom Finse i nord og Haukelisæter i sør. Høgtliggjande og store område, der mykje av areala berre tilgjenglege til fots. Sidan størstedelen av areala ligg 1000 m.o.h. eller meir, kan du risikera is på vatna til langt ut på sommaren. 

 

Fiskebestand

Gode. Dei siste åra har det vore god rekruttering av fisk i mange vatn, og vertilhøva har gjort at veksten også har vore bra. Men over så store område og med så mykje høgtliggjande fiskelokalitetar, vil det vera variasjonar mellom dei ulike områda.

 

Hugs å lesa fiskereglane før du reiser på tur!!

 

 

Fiskeregler

1. Alle som er fylt 16 år og som vil utøva fiske med stong eller handsnøre, må løysa fiskekort.
2. Det er ikkje lov å nytta annan fiskereiskap enn stong eller handsnøre. Line og ståkrok er forbode.
3. Fiske med stong og handsnøre er i Eidfjord og Ullensvang statsallmenningar tillete frå og med 1. januar til og med 30. september. I Røldal statsallmenning er det tillate å fiska med stong og handsnøre frå og med 1. juli til og med 15. september. I Ulvik statsallmenning er fiske med stong og håndsnøre tillete heile året.
4. Det er forbode å nytta levande fisk som agn.
5. Det er forbode å flytta fisk frå eit vatn til eit anna.
6. Fiske med oter er forbode; jfr. DN-forskrift av 29. mai 1970

Gode fisketips

Fisketilbodet på Eidfjord statsallmenning er lett tilgjengeleg frå RV7 over Hardangervidda. Vidare kjem du inn i sentralområdet ved å køyra inn Tinnhølvegen (bomveg) frå Tråastølen på RV7.
Ved å gå sørover frå Tinnhølen kjem du inn i Ullensvang statsallmenning.
Aure er einaste fiskeart i dei fleste vatn. Du har sjanse til å treffa nærare kjennskap med den store feite "Hardangervidda-auren" . Siste åra har det vore svært god rekruttering i mange vatn, og fjellstyra har drive tynningsfiske i mange vatn.
Finprikkauren (urforma) finn du i vatn og tjørnar nord for Krækkja turisthytte.