Fiske i Innerdalen

Innerdalen ligg vest i Trollheimen, og har 7 vatn og mange km elv med fin ørret. Et røyetjern på grensa til Oppdal.

Arter

  • Innlandsfiske
  • Ørret
  • Brunørret

Kjøp fiskekort her

INVITER PÅ TUR! Del på

Veibeskrivelse

Alt terreng er lettast å nå med utgangspunkt frå P-plassen i Nerdalen, med det er også fint å starte frå Storli i Oppdal kommune om ein vil nå dei austlegaste områda.

Book overnatting på Renndølsetra her

Video

Viktige datoer


01.04.2016 kl. 09:00

Om oss

Innerdalen er eigd av familien Opdøl, som har brukt dalen til setring og beitedal sidan 1740. Eigedomen er på 73 kvadratkm, og har sidan 1967 vore freda som Landskapsvernområde, etter initiativ frå daverande grunneigar Øysten Opdøl.

Renndølsetra blir fortsatt drifta som ei seter, med mjølkekyr, der mjølka blir foredla til produkt.

I 1950 vart setra utvida til å kunne ta imot turister, slik at du kan bo hos oss med full pensjon.

Kontakt oss

Eystein Opdøl

71697796

post@innerdalen.com

Lenker på denne siden

  • Ingen lenker

Fiskekvoter

I Storvatnet, Giklingdalen: 

  • Baglimit: 1 fisk over 800 g pr. døgn, fritt uttak av fisk under denne størrelsen.

Ellers ingen begrensninger på fiskekvoter i resten av Innerdalen.

Mer detaljert beskrivelse

Innerdalen ligg vest i Trollheimen, og er prega av djupe dalar og bratte fjell. Innerdalselva og-vatna ligg frå 400moh i frodig vestlandsnatur. Renndalen, Giklingdalen og Meskarvatnet pluss småvatna på Meskaret ligg i høgfjellsterreng.

Området har mykje fin bekkaure, men ein kan i enkelte hølar og vatn få aure god over halvkiloen. Renndalsvatnet og Meskarvatnet ligg 2-3 timar gåtur unna, Giklingdalen ca 1,5 time. Fint fiske i Innerdalselva.

Det er 2 turisthytter i Innerdalen, både vår eigen Renndølsetra, og Innerdal turisthytte. Begge har full pensjon i sommarsesongen. Det er også egne teltplasser ved hyttene. Ved alle vatna er det også gode muligheter til å sette opp teltet.

Book overnatting her

Meir info: www.innerdalen.com og www.facebook.com/renndolsetra

Fiskeregler

Fiskekortet gjeld for stangfiske og oter i alle vatn, utenom Storvatnet, der det kun er tillatt med stang.

I Renndalsvatnet er det tillatt med garnfiske, nøkkel til båt og garn kan lånes på Renndølsetra.
Med unntak av meitemark er det ikkje tillatt å fiske med levande agn. Barn og ungdom under 16 år fisker gratis.

MERK at Storvatnet har eget kort, som også gjeld resten av Innerdalen.

Gode fisketips

Markfiske i hølane langs elva er ein sikker vinnar.

Om ein låner båt og finn fram til Svarthølane vest for Innerdalsvatnet, kan ein få dei store fiskeopplevingane, i eit trolsk landskap, med aure opp mot kiloen! Spør oss på Renndølsetra om tips!

Tar du med oterfjøla er det fint å ro rundt Innerdalsvatnet, båtene ligg rett ved Renndølsetra.

Og om ein er ute etter storfisken er Storvatnet i Giklingdalen tingen. NB! Eget kort for dette vatnet, med bl.a. baglimit for å hindre overfiske.