Fiske i Tovdalselva

Gjennom heile Tovdalen renn Tovdalselva der Øvre Tovdal Fiskelag tilbyr fiske. Aure er den dominerande fiskearten i elva.

Arter

  • Innlandsfiske
  • Ørret
  • Abbor

Beliggenhet

Viktige datoer

Det er ikke lagt inn noen viktige datoer

Kontakt selger

Øvre Tovdal Fiskelag

Kai Åge Kristiansen

41423622

kai.age.kristiansen@amli.kommune.no

Kjøp fiskekort her

Fiskekvoter

Det er ingen kvotebegrensninger på dette tilbudet.

Mer detaljert beskrivelse

Generell beskrivelse

Tovdalselva er 129 km lang. Ho byrjar i Setesdal Austhei og munnar ut i Topdalsfjorden ved Kristiansand. Øvre Tovdal Fiskelag dekker ei strekning på 34 km i Åmli kommune.

Frå Bås ved Dølemo til Dale i Tovdal går fylkesvegen på austsida av elva. Dei øvre 9 km av elva går frå bilvegens slutt til Bygland grense. Ved Bås er høgda over havet 175 m, ovanfor Hillestad 215m, og frå Rjukanfossen ovanfor Dale til Bygland grense ligg elva frå 475-485m over havet.

Vassdraget er ikkje regulert. Vatna er islagt om vinteren og elva har stor vassføring i flaumperiodar.

 

I Tovdal er det no om lag 100 fastbuande, men både sommar som vinter er det stor trafikk av turistar og hyttefolk. Naturen vekslar frå låge heier i sør til tilnærma høgfjell i nord.

Tovdal var fram til 1967 ein eigen kommune i Indre Agder på vel 400 km2. Det er i dag ein del av Åmli kommune.

 

Fiskebestand
Aure er den dominerande fiskearten i elva. Frå Aslefoss (ca 10 km ovanfor Bås, rett sør for Øvre Ramse) og oppover er 99% av fangstane aure, resten er kanadisk bekkerøye.

Nedstraums Aslefoss er det også abbor eller tryte som er det lokale namnet på arten. Mengda varierer, men i snitt er om lag 10% av fangstane abbor. Bekkerøye vart sett ut i vassdraget på 1980-talet og var ei tid dominerande fiskeslag i elva.

Redusert forsuring og aurens tilbakekomst har ført til at bekkerøya berre sporadisk fangast på stong. Auren er småfallen men aktivt kultiveringsarbeid har ført til at mykje av fisken har god kvalitet sjølv om han er liten. Kvart år blir det likevel tatt aure mellom 1 og 3 kg. Abbor er det ikkje svært mykje av og det er mogleg å få eksemplar på godt over kiloen.

All stor fisk fanga under kultiveringsfiske blir sleppt ut att

 

Beliggenhet og terrengbeskrivelse
Naturen vekslar frå låge heier i sør til tilnærma høgfjell i nord. 

 

Lenker

Øvre Tovdal fiskelag på Facebook

Hillestad feriesenter

Hillestadheia

Fiskeregler

• Fiskekortet gjeld for stongfiske i Tovdalselva frå Bås bru til Videstøyl ved grensa til Bygland.
• Fiske frå båt er tillete.
• Bruk av levande fisk som agn er strengt forbode.
• Det er ikkje tillete å flytte levande fisk.
• Fiskeutstyr som har vore i bruk i andre vassdrag, må desinfiserast før bruk.
• All ferdsel på dyrka mark er forbode i perioden 1.mai til 1.oktober.
• Hugs fare for skogbrann. Det må ikkje gjerast opp open eld i tida 15.april-15.september

Veibeskrivelse

Tovdal er lett å finne fram til.

Frå Kristiansand fylgjer ein RV 41 til Dølemo, deretter FV 413 til Bås der Øvre Tovdal Fiskelag sitt område startar. Vidare går FV 272 langs mesteparten av elva opp til Dale.

Frå Arendal fylgjer ein FV 42 mot Evje til Svenes og så inn på RV 41. Frå Fianesvingen på E 18 aust for Arendal tek ein FV 415 til kryss med RV 41 litt sør for Åmli. Deretter til venstre mot Dølemo og så FV 413 og FV 272. Frå nord er det RV 41 frå Brunkeberg (E 134) til Dølemo.

Gode fisketips

Små spinnarar og slukar + fluge og mark. Vassdraget er ikkje regulert, og sommarstid når vasstemperaturen er høg, vil den store fisken ofte stå på djupt vatn. På den tida vil det vere best å nytte båt eller kano for å kunne nå den store fisken.