Bergsjøkortet i Ål - godt fjellørretfiske sentralt i Hallingdal

Kjøp Bergsjøkortet og du har eit felles fiskekort som gjeld i store delar av Bergsjøområdet i høgfjellet i Ål. Då kan du fiske ørret i meir enn 20 vatn og tjern i området.

Arter

  • Innlandsfiske
  • Ørret

Kjøp fiskekort her

INVITER PÅ TUR! Del på

Video

Viktige datoer


01.05.2016 kl. 09:00

Kontakt oss

Bergsjøkortet

Calle Thorsen

93403108

carlth@online.no

Lenker på denne siden

  • Ingen lenker

Fiskekvoter

Det er ingen kvotebegrensninger på dette tilbudet.

Mer detaljert beskrivelse


Bergsjøområdet i Ål i Hallingdal ligg 1000-1300 m.o.h. i eit av Norges flottaste høgfjellsområde, sentralt mellom Oslo og Bergen. Området blir og ofte kalla inngangsporten til Skarvheimen.

Fisking i Bergsjøområdet er eit godt val både for barnefamiliar og rutinerte sportsfiskarar.
Olavatnet like ved Rødungstølen er eit "rekrutteringsvatn" spesielt tilrettelagt for barn, ungdom og handicappa.

 

Forbud mot oterfiske.
Med Bergsjøkortet kan du fiske med alt anna sportsfiskeutstyr i vatnet Bergsjøen og i disse tjørna:
Djupedalstjørne - Øvre- og Nedre Eitretjørne, Bukketjørne, Bukketjørne V - Lomretjørne - Bleikrei - Vesle Bergsjøen - Kroktjørne N - Søre og Nordre Dyrebotntjørne - Nordre del av Hovdatjørne - Kroktjørne - Langetjørne N - Langetjørne - Store og vesle Damtjørne - Veavegtjørne - Damtjørne - Revtjørne, Tulletjørne - Lappetjørne.

På kartet i Begsjøområdet si sommarbrosjyre er desse markert med gult og svart fiskesymbol, sjå brosjyra som pdf nedanfor.
Ordinært kart for området er Reineskarvet 1:50 000.

 

Nyttige linker :

Vedlagte filer

Fiskeregler

Fiske er tillate i perioden 1/6 - 19/9.

For kjøp av fiskekort med mobil og kredittkort, gå til inatur.no via mobil nettlesar. Kvittering får du som sms. For kjøp med sms og trekk i telefonrekning, sjå oppslag ved utfartsstader langs vatna.

Gode fisketips

Kombiner gjerne fisketur i Bergsjøområdet med vandring, sykling, stølsbesøk, ridetur eller kanopadling. Turistbedriftene i området leiger ut nødvendig utstyr.

Treng du overnatting i Bergsjøområdet finn du her både høgfjellshotell og fjellstover, og det er mange hytter og leilegheiter til leige. Booking direkte hjå bedriftene eller via Ål Booking/ Ål Turistinformasjon tlf. 32 08 10 60 - post@albooking.no