Fiske i Ulvik statsallmenning

Fiskekort i Ulvik statsallmenning gjev tilgang til eit spennande fiske i høgfjellet vest for Hardangerjøkulen.

Arter

  • Innlandsfiske
  • Ørret

Beliggenhet

Viktige datoer

Det er ikke lagt inn noen viktige datoer

Kontakt selger

Ulvik fjellstyre

Ole Rune Røkenes

94978534

ulvik@fjellstyrene.no

Kjøp fiskekort her

Fiskekvoter

Det er ingen kvotebegrensninger på dette tilbudet.

Fangstrapportering

For å fiske her må du levere fangstrapport etter turen.

Rapporter fangst

Mer detaljert beskrivelse

Generell beskrivelse

Kortet gjev tilgang til fiske i alle vatn i Ulvik statsallmenning. Det er omlag 30 vatn og 50 km elv med aure. Røye finst i delar av Ustekveikje- vassdraget.

Fiskebestand

Aurefisket i statsallmenninga er godt, fisk rundt kiloet vert fanga med jamne mellomrom.
Fisken er av god kvalitet, med fin raudfarge i kjøtet.
I Finsevatn er det ein bestand av røye som er mindre i storleik. Her er det ope for garnfiske. Båt og garn er tilgjengleg.

 

Fisketips

Fiskesesongen startar sjeldan før eit stykke ut i juli, isen kan ligge lenge på dei høgtliggjande vatna. Sluk og spinnar er mest nytta, men under gode vertilhøve kan ein og få bra uttelling med flogestang.

Sjå heimesida: http://www.hardangervidda-fjellstyra.no/ulvik-statsallmenning for gode fisketips!

 

Beliggenhet og terrengbeskrivelse

Ulvik statsallmenning ligg nordvest for Hardangervidda nasjonalpark, og har eit totalareal på 400.000 daa. Av dette er mest høgfjell og resten er isbre (20.000 daa).

 

Anbefalte lenker

Fiskeregler

Innehavar av fiskekortet er sjølv pliktig til å gjere seg kjent med gjeldande fiskereglar og grenser. Når fiskekortet er bestilt, kan det ikkje krevjast refusjon for betalt avgift.

 

FISKEREGLAR STONGFISKE

1.   Alle som er fylt 16 år, og som vil utøve fiske med stong eller handsnøre må løysa fiskekort.

2.   Det er ikkje lovleg å nytta annan fiskereiskap enn stong eller handsnøre. Line og ståkrok er forbode.

3.   I Ulvik Statsallmenning er fiske med stong og handsnøre tillete heile året.

4.   Det er forbode å nytta levande fisk som agn.

5.   Det forbode å flytta fisk frå eit vatn til eit anna.

6.   Fiske med oter er forbode.  


Hugs at du må sende inn fangstrapport!

Frist for rapportering er 1. oktober.

 

Garnfiskarar skal sende fangstrapport til Ulvik fjellstyre om:

  • Antal fisk
  • Gjennomsnittstorleik på fisken 
  • Fangstmengde i kilo 
  • Kva vatn fisken er fanga

Frist for rapportering er 1. oktober.

 

FISKEREGLAR FOR GARNFISKE (INNANBYGDSBUANDE)

1.   Alle som har rett til det, og som vil utøve garnfiske i statsallmenningen må løysa fiskekort for garnfiske. Garnkortet gjeld også for stang og handsnøre heile året.

2.   Fiske med garn i Ulvik statsallmenning er tillete frå 1. august kl. 08.00 til 15. september kl. 18.00. I Langavatnet er fiske med garn tillete

frå 15. juli kl. 08.00 til 30. september kl. 18.00.

3.   Det er ikkje lov å setja garn nærare innfals - og utfallsos enn 50 meter. Garna må heller ikkje nyttast i elvar, bekkar og lonar (tjørnliknande     

      utvidingar av vassdrag).

4.   Garnfiske er ikkje tillate i vatn som ligg nedanfor dammane Rundavatn og Langavatn.

5.   Minste maskevidde i alle reine aurevatn i Ulvik Statsallmenning er 16 omfar (39 mm). For Langavatnet er minste maskevidde 18 omfar (35 mm).

6.   Garna må vera tydeleg merka med eigar sit namn og adresse, og merka må vera lett synlege.

7.   Det er sett ei grense på 5 garn pr. kort pr. døger i alle vatn. Unntaket er Langavatn, der grensa er sett til 15 garn pr. kort pr. døger. Det vil seie at ein har høve til å fiske med 5 garn i fleire vatn samstundet i tillegg til 15 garn i Langavatn.

8.   Dei vatna i Ulvik Statsallmenning som har bestand av røye, er unnanteke reglar om maskevidde og osfreding, og det er lovleg fisketid heile året mot løysing av fiskekort.

Dette gjeld: Ustekveikje-vassdraget frå Taugavatnet til Hol grense samt vatna i Såtedalen.

Personar som ikkje er busett i Ulvik herad kan og drive garnfiske her mot løysing av stongfiskekort.

9. I Finsevatn kan alle fiske med garn, stong og handsnøre utan å løysa fiskekort.

10. Om fisk vert sløyd i fjellet, skal all fiskeavfall gravast ned eller takast med. Bakgrunn for dette er at det er konstatert innvollsorm på

Hardangervidda, og smitten forflytter seg mellom vatn om måker og andre fuglar får tak i avfallet.

11. Innanbygdsbuarar har lov til å fiske med oter i Ulvik Statsallmenning.

 

Kjøpte kort blir ikkje refundert, jf. Angrerettsloven § 22, punkt m.

     

Veibeskrivelse

ENKEL TILGANG TIL GODT og SPENNANDE FISKE i ULVIK STATSALLMENNING 

Ein kan koma til Ulvik statsallmenning ved å køyre frå Ulvik til Osa, og opp på Osafjellet. Elles er det enkelt å kome til statsallmenninga ved å ta toget til Finse eller Hallingskeid stasjon på Bergensbana.

Andre aktuelle tilbud