Fiske i Ulvik statsallmenning

Fiskekort i Ulvik statsallmenning gjev tilgang til eit spennande fiske i høgfjellet vest for Hardangerjøkulen.

Arter

  • Innlandsfiske
  • Ørret

Kjøp fiskekort her

INVITER PÅ TUR! Del på

Veibeskrivelse

ENKEL TILGANG TIL GODT og SPENNANDE FISKE i ULVIK STATSALLMENNING 

Ein kan koma til Ulvik statsallmenning ved å køyre frå Ulvik til Osa, og opp på Osafjellet. Elles er det enkelt å kome til statsallmenninga ved å ta toget til Finse eller Hallingskeid stasjon på Bergensbana.

Kontakt oss

Ulvik fjellstyre

90213685

ulvik@fjellstyrene.no

Lenker på denne siden

  • Ingen lenker

Fiskekvoter

Det er ingen kvotebegrensninger på dette tilbudet.

Fangstrapportering

For å fiske her må du levere fangstrapport etter turen.

Rapporter fangst

Mer detaljert beskrivelse

Generell beskrivelse

Kortet gjev tilgang til fiske i alle vatn i Ulvik statsallmenning. Det er omlag 20 vatn og 50 km elv med aure. Røye finnast i delar av Ustekveikje vassdraget.

 

Fiskebestand

Aurefisket i statsallmenninga er godt, fisk rundt kiloet vert fanga med jamne mellomrom.
Fisken er av god kvalitet, med fin raudfarge i kjøtet.
I Finsevatn er det ein bestand av røye, heller småfallen. Her er det ope for garnfiske, båt og garn er tilgjengleg.

 

Fisketips

Fiskesesongen startar sjeldan før eit stykke ut i juli, isen kan ligge lenge på dei høgtliggande vatna. Sluk og spinnar er mest nytta, men under gode vertilhøve kan ein og få bra uttelling med flogestang.

Sjå på heimesida: http://www.hardangervidda-fjellstyra.no/ulvik-statsallmenning for gode HOT SPOTS!

 

Beliggenhet og terrengbeskrivelse

Ulvik statsallmenning ligg nordvest for Hardangervidda nasjonalpark, og har eit totalareal på 400.000 daa. Av dette er mest høgfjell og resten er isbre (20.000 daa).

 

Anbefalte lenker

Fiskeregler

Innehaver av fiskekortet er sjølv pliktige til å gjere seg kjendt med gjeldande fiskereglar og grenser. Når fiskekortet er bestilt, kan det ikkje kreves refusjon for betalt avgift.

 

FISKEREGLAR STONGFISKE

1.   Alle som er fylt 16 år, og som vil utøve fiske med stong eller handsnøre må løysa fiskekort.

2.   Det er ikkje lovleg å nytta annan fiskereiskap enn stong eller handsnøre. Line og ståkrok er forbode.

3.   I Ulvik Statsallmenning er fiske med stong og handsnøre tillete heile året.

4.   Det er forbode å nytta levande fisk som agn.

5.   Det forbode å flytta fisk frå eit vatn til eit anna.

6.   Fiske med oter er forbode.  


HUGS Å SENDE INN FANGSTRAPPORT!!

 

 

FISKEREGLAR FOR GARNFISKE ( INNANBYGDSBUARAR )

1.   Alle som har rett til det, og som vil utøve garnfiske i statsallmenningen må løysa fiskekort for garnfiske.

2.   Fiske med garn i Statsallmenningen er tillate frå og med 1. august kl. 08.00 til og med 15. september kl. 18.00 unntatt Langavatnet der fiske            med garn er tillate frå 15. juli kl 08.00 til og med 15. september kl. 18.00.

3.   Det er ikkje lov å setja garn nærare innfals - og utfallsos enn 50 meter. Garna må heller ikkje nyttast i elvar, bekkar og lonar ( tjørnliknande     

      utvidingar av vassdrag ).

4.   Garnfiske er ikkje tillate i vatn som ligg nedanfor  dammane Rundavatn og Langavatn.

5.   Minste maskevidde i alle reine aurevatn  i Ulvik Statsallmenning er satt til 16 omfar ( 39 mm ). For Langavatnet er monste maskevidde 18 

      omfar ( 35 mm ).

6.   Garna må vera tydeleg merka med eigar sit namn og adresse, og merka må vera lett synlege.

7.   Det er sett ei grense på 5 garn pr. kort pr. døger i alle vatn unnanteke Langavatn, der grensa er sett til 10 garn pr. kort pr. døger. Det vil seie at

      ein har høve til å fiske med 5 garn i fleire vatn samstundet i tillegg til 10 garn i Langavatn.

8.   Dei vatn i Ulvik Statsallmenning som har bestand av røye er unnanteke frå reglar om maskevidde og osfreding, og det er lovleg fisketid året            mot løysing av fiskekort.

      Dette gjeld: Ustevassdraget frå Taugavatnet til Hol grense samt vatn i Såtedalen.

      Personar som ikkje er busett i Ulvik herad kan og drive garnfiske her mot løysing av stongfiskekort.

9.   I Finsevatn kan alle fiske med garn, stong og handsnøre utan å løysa fiskekort.

10. Om fisk vert sløyd i fjellet skal all fiskeavfall gravast ned eller takast med. Bakgrunn for dette er at det er konstatert innvollsorm på

      Hardangervidda, og smitten forflytter seg mellom vatn om måker og andre fuglar får tak i avfallet.

11. Innanbygdsbuarar har lov til å fiske med oter i Ulvik Statsallmenning

12. Garnfiskarar SKAL gje rapport til Ulvik fjellstyre om fastmengde i kilo, gjennomsnittstorleik på fisken og kvar fisker er fanga.

     

      FRIST FOR RAPPORTERING ER SETT TIL 1. OKTOBER.

 

Andre aktuelle tilbud