VAFA fiskekortet. Ørret- og røyefiske i Valle

VAFA fiskekort gjeld i ei rekkje vatn i Valle kommune. Sjå vedlagte fil: Fiskekart VAFA 2019 lenger nede på sida. Appen fiskher kan ein ikkje stole på, sjå eige fiskekart.

Arter

  • Innlandsfiske
  • Ørret
  • Røye

Beliggenhet

Viktige datoer


01.01.2022 kl. 09:00

Kontakt selger

Valle fiskeadministrasjon

+47 48121031

haltvei@online.no

Kjøp fiskekort her

Om selger

Valle Fiskeadministrasjon (VAFA) er ein paraplyorganisasjon som samordnar tiltak for 17 tilslutta fiskelag: Otra Fiskelag Valle, Homme fiskelag, Vallebø Fiskelag, Hevatn Fiskelag, Harstad Fiskelag, Rossevatn og Hyllvatn Fiskelag, Ramvatn Fiskelag, Boketjønn og Berevatn Fiskelag, Dale, Løyland og Røysland Fiskelag, Åmli og Berg Fiskelag, Juvatn Fiskelag, Tjønnan Fiskelag, Brokke og Berg Fiskelag, Nomeland fiskelag, Uppstad Fiskelag, Helle Fiskelag og Store Kråketjønn Fiskelag. Over 200 grunneigarar er medlemer i VAFA. VAFA vart stifta i 1990.

Fiskekvoter

Det er ingen kvotebegrensninger på dette tilbudet.

Mer detaljert beskrivelse

Valle fiskeadministrasjon - VAFA

- er ei samanslutning av grunneigarlag på båe sider av dalen og fiskerettshavarar til Otra. VAFA fiskekort gjeld derfor ei rekkje fjellvatn på båe sider av dalen og i Otravassdraget.

 

Fiskebestand

Aure er det dominerande fiskeslaget. Nokre fjellvatn har endå bekkerøye etter utsetjing på 80-talet. Ørekyte fins i Otra og nokre sidevassdrag.Aure på 2,3kg i everntyrlege Nutevatn, kilosfisk i Hevatn og i mange andre VAFA-vatn. Fiskekvaliteten vert stadig betre. Årleg oppfisking (ungdomsprosjektet) og grunneigaranes gåttefisking kring 1.oktober er to av grunnane.

 

Beliggenhet og terrengbeskrivelse

For deg som ikkje ynskjer fjelltur med overnatting er det mogleg med ein kveldstur i Otra eller i vatna langs Brokke-Suleskardvegen.
Vi ynskjer å gje alle som besøker oss gode naturopplevingar i samband med fiske, anten dei er erfarne fiskarar, eller familier som vil fiske litt saman med borna.


Nokre område passar for heile familien, andre ligg langt frå bilveg, og ein må rekne 2-3 dagar på ein tur. Terrenget er stort sett lett å gå, og Turistforeninga har løypenett og hytter både på aust- og vesthei

Fiskeregler

VAFA fiskekort gjeld bare vatn med mørk blå farge, sjå på informasjonskartet "Fiskeområde VAFA-kortet". OBS:Tjurrmovatnet, Kvislevatn, Sandvatn og Gardevatn er ikke inkludert i dette fiskekortet.

 

Du kan fiske med ei stong frå land heile året.
Isfiske er tillete. Alle under 16 år fiskar gratis.
Levande fisk som agn er ulovleg. Etter sløying av fisk må innvollane gravast ned for å unngå spreiing av parasittar.
Vis hensyn til beitande husdyr. Ikkje gå over innmark. Hald hundar i band.

Veibeskrivelse

Følg riksveg 9 fra Kristiansand via Evje eller fra Haukeli via Hovden. Følg FV 45 fra Høydalsmo via Dalen. Følg FV 45 fra Ålgård (Stavanger) via Sirdal

Gode fisketips

RV 9 går langs Otra, og der er gode fiskeplassar fleire stader. Det er gratis å fiske i Otra.