Ørretfiske i Vangsmjøsa i Valdres

Vangsmjøsa ligg idyllisk til i Vang i Valdres og er omkransa av høge fjell på alle kantar. Vatnet inneheld mykje fin ørret, med snittvekt på halvkiloen og enkelte store ruggar.

Arter

  • Innlandsfiske
  • Ørret

Beliggenhet

Kontakt selger

Vangsmjøsa Fiskeforening

99702755

wenche.sondrol@vang.kommune.no

Video

Kjøp fiskekort her

Om selger

Vangsmjøsa fiskeforening består av tilsaman 85 fiskeberettiga rundt Vangsmjøsa. Fiskekotet gjeld ikke Kvamsfjorden. Fiskeforeninga har driftsplaner over fem år, med ei rekke ulike tiltak for å betre forholda for fiske. Vi ynskjer gjerne tilbakemelding frå brukarar om forslag til tiltak.

Fiskekvoter

Det er ingen kvotebegrensninger på dette tilbudet. Med det er ulike fisketider i Nørsvinsfjorden og Vangsmjøsa.

Vangsmjøsa er regulert med 2 fisktider:

Nørsvinsfjorden 1.juni til 1. september.

Vangsmjøsa frå Hemsing bru til Øye er frå 1. mai til 1. oktober.

Fiskekortet gjelder ikke i Kvamsfjorden.

Mer detaljert beskrivelse

En får kjøpt kort for både stong og oter, og en kan fiske frå både land og til vanns. Ein kan og fiske med konvoi ved kjøp av oterkort. Vangsmjøsa er godt tilrettelagt med to handicapbrygger og lett tilgjengelig til fiskplassene rundt heile fjorden.

Vangsmjøsa ligg på 460 meter over havet og har ein god bestand av ørret. Vatnet er lett tilgjengeleg med veg på båe sider. Ein får kjøpt kort for både stong og oter og ein kan fiske både frå land og fra båt. Om ein ynskjer å fiske med konvoi må ein løsye oterkort. Det er tilrettelagt for utkjøring av båthengar ved Hemsing bru og Bøflaten camping. På desse plassane finst det og handikappbryggjer, og det er sett opp grillar som kan nyttast av alle som ynskjer.Vatnet har gode badeplassar som er lett å koma til.

 

Fiskebestand

Det er mykje fin fisk i vatnet. Snittvekta ligg på om lag halvkiloen, og det er teke fisk på opptil 8kg.

 

Beliggenhet og terrengbeskrivelse

Vangsmjøsa ligg langs E16 i Valdres, midt mellom Oslo og Bergen. Det er veg rundt heile vatnet, med god tilkomst. Det er skilta til gode fiskeplassar, og du finn og informasjonstavler og sjølvbeteningskasser enkelte stader. Det er og mogeleg å kjøpe fiskekort på SMS. Det er fleire overnattingsbedrifter rundt vatnet, sjå lenker under.

 

Anbefalte lenker

Bøflaten Camping

Vang kommune

Kongevegen over Filefjell: www.visitkongevegen.no/

www.vangivaldres.no

www.tyin/filefjell.no 

www.visitvaldres.no 

Fiskeregler

FISKEREGLAR FOR VANGSMJØSA

  1. I tida frå og med 1.mai. t.o.m  1.oktober kan alle løyse fiskekort for stong, oter og konvoi i Vangsmjøsa
  2. I Nordsveensfjorden kan ein fiske med stong, oter og konvoi i tida 1.juni – 1.september.
  3.  Ikkje fiske i Kvamsfjorden.
  4.  Barn under 16 år får gratis fiskekort for stong.
  5.  Det blir utført oppsyn av fiskekort i Vangsmjøsa. Ved ulovleg fiske vil anmeldt.
  6. Vangsmjøsa fiskerforeining er medlem av felleskortet for Fisking i Valdres. Fiske med dette kortet må forhalde seg til reglar for fiske i Vangmjøsa. Fisketider for dette kortet er 15. juni  -15. aug. og gjeld berre stong.
  7. Ved bruk av båt på Vangsmjøsa er det inga øvre grense for motorstyrke. I strandsonen innanfor av stand på 75 meter frå strandlina king heile vatnet er høgste tillat fart 5 knop. På strekningen mellom Vang autoservice og Hamar utanfor Vang barne- og ungdomsskule er høgste tillate fart 5 knop innanfor ein avstand på 200 meter frå strandlina.
  8. Fiskaren pliktar å gjera seg kjend med generelle fiskereglar i offentlege forskrifter og innlandsfiskelova.

Gode fisketips

Vangsmjøsa er spesielt godt egna for fiske frå båt, men mange plassar kan ein og få bra med fisk frå land. Det blir fiska mest med sluk, spinnar, wobler eller konvoi. Fiske med oter kan også gje gode fangstar. Fisken bit i alt slags ver, det gjeld berre å ha litt fiskelykke.

 

Ein får og kjøpt fiskekort på SMS. Plakatar heng ved fiskeplassane. 

Andre aktuelle tilbud