|
Bestand
Elgbestanden i området har vore stabil dei siste åra, medan bestanden av hjort ser ut til å ha auka. I 2009 vart det felt 24 elgar (kvote på 30 dyr), det vart felt 7 hjortar dette året. Fellingsprosenten ligg normalt på mellom 80-90 % (gjeld elg). Oppgjevne kvoter er foreløpige, fordeling på alder og kjønn er ikkje klare. Kvotene er difor oppgjevne som "Frie dyr".
Generelle regler
Av spesielle reglar utover dei generelle reglane om elg- og hjortejakt i statsallmenning, krev fjellstyret at det er godkjent ettersøkshund (ekvipasje) i jaktlaget. Det er og moglegheit for utvida jakttid etter 31.10. Fjellstyret har elles vedteke ei rulleringsordning blant innanbygds jaktlag, slik at dei laga som dei laga som hadde jakt førre periode blir stilt bak ved neste trekning.
Beliggenhet og terrengbeskrivelse
Langmorkje statsallmenning dekkjer store delar av arealet i Vågå kommune sør for Ottadalen. I jaktfelta er det både barskog, lauvskog og snaufjell. Jaktfelta eignar seg for jakt både med laushund og bandhund.
|