SMÅVILTJAKT: Rype og hare. Jakttid fra 15/9 til 23/12. Kun jakt u/hund. Kortsal ved Finse stasjon, Ulvik Turistkontor og Grillkiosken Ulvik. VILLREINJAKT: Om det er kort ledige etter tildeling til innenbygdsbuande. Kontakt fjellstyret. INNLANDSFISKE: 20 vatn og 50 km elv med aure. Røye i deler av Uste/Kveikje vassdraget. Stongfiske i alle vatn. Det er godt aurefiske i allmenninga, med fine bestander av tildels stor fisk. Fisketid hele året. Is- og garnfiske er tillatt i vann med røye. Kortsalg samme steder som jaktkort. Felles fiskekort for fjellstyra i Hordaland. ANDRE TILBOD: 5 låste fjellstyrehytter, for tinging kontakt Kjell Røkenes på tlf 56 52 63 22/95 92 21 93. 3 åpne steinbuer. Ei av hyttene, Finsebu, ligg nokre hundre meter frå Finse stasjon, har innlagt straum og heller høg standard. Til hytta høyrer naust med garn og båt i Finsevatn. Ei steinbu ligg i Lengjedalen aust for Finse, dei andre hyttene ligg i områda mellom Finse og Ulvik, alle er utstyrt med ved og gass.
Beliggenhet og beskrivelse av terreng
:
Allmenninga ligg i nordre del av Ulvik herad i Hardanger, Hordaland. Du kjem enklast til allmenninga med Bergensbana, kor Finse stasjon ligg i allmenninga og Hallingskeid stasjon ligg rett nord for allmenninga. Sommarsdagen kan du kjøyra på asfaltert anleggsveg frå Osa i Ulvik opp på Osafjellet, som er eit fint utgangspunkt for turar, jakt og fiske i allmenninga. Allmenninga består av verhardt høgfjellsterreng, så du må vere utstyrt for alle vertilhøve. Barmarkssesongen tek sjeldan til før juli månad, det er gode tilhøve for vårskiturar eit godt stykke ut i juni.