|
Bestand
Småviltbestanden var under middels hausten 2009. I vår og sommar har det vore bra med smågnagarar i fjellet, det har vore observert ganske store rypekull, og forventningane framfor den komande jakta er derfor større enn for fjoråret. Det vil bli gjort ei enkel taksering i månadsskiftet august/september.
Jaktstatistikk for fleire år attende finn du på heimesida til Lom fjellstyre: www.lom-fjellstyre.no
Generelle regler
Utanbygds jegerar som ynskjer kort for jakt med hund, må søkje Lom fjellstyre om dette. Søknadsfristen for dette er den 1. april kvart år. Jaktområdet er inndelt i jaktfelta A, B og C.
Frå jaktsesongen 2009/2010 var det i perioden 15.-28.9. også avgrensingar i salet av jaktkort til dei som jakta utan hund. Søknadsfrist for kort vil bli som for jakt med hund, den 1. april, og søknadsskjema lagt ut på heimesida. Her blir det inga feltinndeling.
Harejakta med hund startar ikkje før den 11.10., og det er avgrensing i kortsalet i perioden 11. - 20.10. Etter dette er det fritt sal av kort til utanbygdsbuande med hund fram til den 23.12. Jaktfelt A og B.
Småviltjegerar under 16 år under opplæring som jaktar saman med tilsynsjeger, slepp å løyse jaktkort. Fyrstegongsjegerar får gratis jaktkort, dette må dokumenterast med bevis for avlagt jegereksamen.
Søknadsskjema finn du på: www.lom-fjellstyre.no.
Beliggenhet og terrengbeskrivelse
I aust og søraust grensar allmenningen mot Vågå kommune, i sør mot Vang i Valdres, i vest mot kommunane Årdal og Luster, og i nord mot Skjåk kommune og privatareal i Lom. Det er lettaste jaktterrenget i dei austlege delane av allm. I vest er det meire vestlandspreg over terrenget, men det store areal med godt fjellrypeterreng.
|