Lom fjellstyre forvaltar jakt og fiske i Vårdalen, Visdalen og Leir- og Bøverdalen statsallmenning i Lom kommune, Oppland. Heile allmenningsarealet er på ca. 1,2 mill. dekar, og ca. 98 % av dette er høgfjell.
Denne tilbyder samarbeider med / er verifisert av:
Småviltjakt i høyfjell og lavland. Her finner du alt fra tinder og fjellrype til flott lirype-terreng.
Ein liten del av arealet ligg på nordsida av Ottaelva, medan den absolutt største delen ligg sør for hovuddalføret og utgjer sentrale delar av Jotunheimen. Over halvparten av Jotunheimen nasjonalpark ligg i statsallmenningen.
Terrenget og landskapet er svært vekslande. Frå vide dalar og avrunda landskapsformer i aust, får landskapet gradvis meire vestlandspreg med trongare dalar og meire alpint terreng mot grensa til Sogn. Vel halvparten av alle totusenmeters-toppane i landet ligg i allmenningen, og blant desse dei to høgste, Galdhøpiggen og Glittertind.
Turisme er ei viktig næring, og det er heile 12 turisthytter i allmenningen, to DNT-hytter og resten private. Jotunheimen er den mest besøkte nasjonalparken i landet, og på Galdhøpiggen er besøkstalet mellom 20 og 30.000 kvar sommar.
Produkt
:
SMÅVILTJAKT: Rype, hare, skogsfugl og ender. Utandbygdsbuande jegere med hund som ønskjer jakt, må sende skriftlig søknad til: Lom fjellstyre innen 1. april. For sesongen 09/10 vart det kvoteregulert også for jegerar utan hund dei fyrste 15 dagane av jakta, så desse måtte også søkje om jakt innan den 1.4. Frå den 1.10. vart jaktkorta lagt ut for sal på nettsidene her. Jaktkort med hund for harejakt kan kjøpast fritt etter den 20.10. ELG- og HJORTJAKT: Ledige jaktfelt vert lyst ut på Inatur. Det er tre jaktfelt i allmenningen. På eitt felt vert det førebels ikkje lyst ut att jakt ennå. Dette er av bestandsomsyn. RÅDYRJAKT: Vert utlyst i lokalavisene. To fellingsløyve. INNLANDSFISKE: 140 vatn og 130 km elv med aure. Oter-, stong- og isfiske (ikkje med rykkpilk). Kortsal i daglegvareforretningar, kioskar og turiststader. Fjellstyret har båt til utlån på to av fiskevatna. ANDRE TILBOD: 5 opne steinbuer og 8 oppsyns-/utleigehytter.
Beliggenhet og beskrivelse av terreng
:
Lom kommune, Oppland. Allmenningen grensar i aust og søraust mot Langmorkje statsallmenning i Vågå, i sør mot Vang i Valdes, i vest mot statsallmenningane i Årdal og Luster, og i nord mot Skjåk bygdeallmenning og privat areal i Lom. Lom kommune ligg "sentralt" i Sør-Norge med omlag lik avstand både til Bergens-, Trondheims- og Oslo-området, 30-40 mil til dei alle. Adkomst skjer via - rv. 15 frå Otta til Lom, frå kryss med E6 - rv. 15 over Strynefjellet og gjennom Skjåk - rv. 55 frå Sogndal over Sognefjellet (vinterstengt) - rv. 51 over Valdresflya (vinterstengt) Frå riksvegane går det bomvegar fleire plassar inn i allmenningen. Desse er nesten utan unntak stengte alle saman i vinterhalvåret.