|
Fiskebestand
Auren er einaste arten i området. Fjellstyret set kvart år ut fisk på Råkåvatnet (1364 moh.), og på ein del av tjønnene i statsalmenninga. Honnsjoen har gode vilkår for naturleg rekruttering, og er eit vatn som toler ganske hard beskatning av fiskeressursane.
Fisketips
Dei vatna og tjønnene som er aktuelle for fiske når ein lettast frå Vangen inst i Finndalen. Elles renn elva Finna langs vegen innover dalen, og er lett tilgjengeleg. For å nå mange av dei gode fiskeplassane i Finndalen må ein vera forberedt på å gå eit stykkje, men innanfor ein par timars gangavstand frå parkeringa på Vangen, når ein dei fleste.
Generelle regler
Barn under 16 år treng ikkje løyse fiskekort for fiske med stong eller håndsnøre. For fiske med oter og garn må alle, også barn under 16 år løyse fiskekort. For utfyllande reglar sjå eige dokument som skal følgje fiskekortet.
Beliggenhet og terrengbeskrivelse
Området ligg nord for Ottadalen, i kommunane Lom og Vågå. I vest grensar det mot Skjåk og i nord mot Lesja, og er ein del av det området som og vert kalla Reinheimen. Største delen er høgfjell, men statsalmenninga har namnet sitt etter Finndalen, ein frodig seterdal, der elva Finna renn. Terrenget stig bratt opp frå dalbotnen dei fleste stadar, men er litt rolegare i området omkring Vangen. Like før ein kjem til Vangen har fjellstyret lagt til rette med ein enkel campingplass med utedo og søppelstativ. Fjellstyret har ei hytte ved Råkåvatnet. Den vart bygd i 2002, og er mogleg å leige etter nærare avtale. Leige er kr 300 pr. døgn(inkl. båt), for fleire opplysningar ta kontakt på telefon eller e-post. På Honnsjoen har fjellstyret båt, som det er mogleg å låne.
|