|
Bestand
I hovudsak fjellrype, lirype i lågareliggjande område og langs vassdrag. Ingen negativ utvikling av bestandene er registrert.
Generelle regler
Dersom fleire jegrar jaktar med ein hund må alle løyse kort for jakt med hund. I jakttida for villreinjakt er det nattefreding mellom kl. 19.00 og 07.00. Det er ikkje tillete å trene hund på statsallmenninga. Det er jaktfri sone langs RV-7, 500m på kvar side. Det er forbode å jakta på holmar det ikkje kan vassast over til med vanleg fottøy. Desse reglane kan når det måtte vere endrast av fjellstyre med heimel i fjellova av 1975, § 23.
Beliggenhet og terrengbeskrivelse
Sentralt på nord-vestre del av Hardangervidda. Allmenninga ligg sør for Hardangerjøkulen, grenser i aust til Buskerud. Nordlege delen er kuppert, sentrale delen har rolege terrengformar og i sør er terrenget prega av større vatn og dalar.
|