|
Fiskebestand
Ørret, eller aure, er einaste fiskeslaget i alle vatn og elver.
Mange av vatna ligg så høgt at det ikkje er naturleg rekruttering. I mange av desse vatna blir det sett ut settefisk jamnleg. Oversikt over utsetjing finst på www.lom-fjellstyre.no.
I enkelte vatn er det så stor sjølvrekruttering at dei er overbefolka, og det er tett av småfisk.
På dei vatna med best næringstilgang, er det ikkje uvanleg å ta fisk på mellom 1 og 2 kilo. Men fisk i vektgruppa 0,3 - 0,7 kg er det vanlege.
Gode fiskevatn er frå aust: Vestenden av Gjende, Bessvatnet, Øvre Leirungen, vatna på Memurutunga, Grisletjerna (Lom fjellstyre har båt til leige), vatna i Raudalen, Langvatnet (Lom fjellstyre har hytte og båt til leige), Leirvatnet, vatna i Gravdalen, Preststeinvatnet.
Fisketips
Tidleg på sommaren er vatna i Gjendeområdet og i Bøverkinnhalsen beste fiskeområda. Dei ligg lågast og er tidlegast isfri. Dei høgareliggande vatna på 1300 - 1500 m.o.h.er gjerne ikkje isfri før langt ut i juli.
Fleire av vatna sør for Sognefjellsvegen, mellom Bøverkinnhalsen og Turtagrø,er svært lett tilgjengelege og gode fiskevatn. Eller kva med fisking langs elva i Leirdalen, eller vestover Gravdalen frå Leirvassbu? Her finst mange lett tilgjengelege og gode fiskeplassar!
For lenger turar: Ta båten til Memurubu eller Gjendebu og fisk i Gjende eller i vatna på Memurutunga. Både vatna i Svartdalen, Grisletjønnen på Gjendetunga og vatna innover Raudalen er gode fiskevatn. Bukkehåmårtjønna og Leirungstjønnene på sør-aust enden av Gjende er fine mål for dei som likar å fiske eit stykkje utanfor "allfarveg".
Flugufiske: Leirungsåa der ho renn ut i Gjende, innløpsosen på Øvre Leirungen, eller utløpet av Leirvatnet.
Generelle regler
Kortet gjeld for fiske med ei stong eller eitt handsnøre i avgrensa område i sentrale Jotunheimen. Barn inntil 16 år fiskar gratis. Kortet kan kjøpast av alle, både nordmenn og utlendingar.
Det er fredningstid for fisken frå og med den 20/9 til og med den 31/10. I denne perioden er alt fiske forbudt. Fiskarane pliktar å gjere seg kjend med kva område dette kortet gjeld for, og dei offentlegrettslege reglane som gjeld for fiske.
Beliggenhet og terrengbeskrivelse
Kortet gjeld for deler av statsallmenning i Luster, Vågå og Lom. Heile området ligg i typisk høyfjellsnatur, og det meste er snaufjell over 900 moh..
Jotunheimenkortet gjeld frå nasjonalparkgrensa i aust og nordaust til Rv 55 Sognefjellsvegen i nord, eit område på nesten 1200 km2. Kart for området ligg på heimesida www.lom-fjellstyre.no. Viktige vatn er Gjende (utanom Gjendeosen), Bessvatnet, Langvatnet, Leirvatnet og Preststeinvatnet.
Viktigaste innfallsportane er Gjendeosen, Veodalen, Spiterstulen, Leirvassbu og Sognefjellet.
|