Laksefiske i Frøysetelva - Frøyset grunneigarlags område.

Døgnkort gjeld frå kl.18.00 dagen det er kjøpt og til kl.17.00 neste dag. Førstedøgnkortet gjelder fra kl. 00.00 til kl. 17.00 den 15.06. Førstedøgnskortet er en egen korttype.

Arter

  • Laksefiske
  • Laks
  • Sjøørret

Beliggenhet

Viktige datoer


02.04.2024 kl. 09:00

Kontakt selger

Sameiget Frøyset Grunneigarlag

Tom Rune Daae

90196565

paratom@hotmail.com

Kjøp laksefiske her

Laksebørs

Se fangststatistikk

Om selger

Fiskekvoter

Det er ingen kvotebegrensninger på dette tilbudet.

Fangstrapportering

For å fiske her må du levere fangstrapport etter turen.

Rapporter fangst

Mer detaljert beskrivelse

Storparten av Frøysetvassdraget ligg i Masfjorden kommune, Hordaland fylke. Dei øverste delane strekkjer seg inn i Gulen kommune, Sogn og Fjordane fylke. Strekninga som fører laksefisk høyrer til i Hordaland. Vassdraget ligg om lag 2 timars biltur frå Bergen og Førde, der Frøyset, Hosteland og Brekke er viktige innfallsportar til vassdraget.

Tverrelva er den viktigaste sidegreina til Frøysetelva. Den fører sjøaure opp forbi ”Brudalsfossen” der det er bygd laksetrapp, og opp i Tangedalsvatn. Tverrelva har gode gyte- og oppvekstområde med stort potensiale for produksjon av sjøauresmolt.
Frøysetelva, øverste del (EGET FISKEKORT) - som administreres av Frøyset Elveeigarlag - strekkjer seg frå Sleirevatnet, ca 200 meter frå utløp og på nordsida av vatnet og videre på nordøstsida av Langvatnet og Lauveidvatnet til Hinnefossen.
Fiskesona ligger langs Fylkesveg 540 frå Frøyset til Lauveide og strekkjer seg over innmark og utmark.

 

Varierande bestand av laks og sjøaure.
Avhengig av middels til god vassføring.
Se forøvrig vår heimeside for fangststatistikk.

 

Nyttige lenkjer :

Fiskeregler

Fiskekort er kun gyldig sammen med bevis for betalt fiskeravgift.

Kartet på salgssiden er kun veiledende. Oppmerking i elva, og/eller lokale fiskeregler, er til enhver tid gjeldende for gyldig fiskeområde.

Nytt for sesongen 2024:

Det er blitt investert ein del både tid og penger i vassdraget i 2023 med utlegging av gytegrus. Ca 350 tonn er blitt lagt ut på stratgiske plasser i samarbeid med NORCE LFI (rådgivende biologer). Det gjenstår ca 150 tonn som er planlagt lagt ut i 2024.

FISK OG FISKEUTSTYR

Wobbler blir definert som eget fangstredskap. Dette vil KUN gjelde wobbler med 1 treblekrok. 

Minstemål for fisk blir endra frå 35cm til 40 cm. I følge tabellar vil dette estimert tilsvare vekt på 600 - 800g.

REGULERING AV FISKE

Om nivået i elva kjem under eit visst nivå vil elva bli stengt oppstrøms Frøyset bru til Osebruna. D.v.s. at fiske vil framleis vere åpent nedstrøms Frøyset bru mot sjø og frå Osen vidare oppover i Sleirsvatnet (på Frøyset grunneigarlag sitt område). Det er montert målestav på betong-fundament oppstrøms for demning (halvvegs mellom sagbruket og Osebruna). Når nivået går under 0 (null) vil dette medføre stenging i allereie nevnte område. 

Det vil ikkje bli refusjon for kjøpte kort!

DESINFISERING

Alle som er delaktige i fiskeaktiviteter i vassdraget har ansvar for å forvisse seg om at alt utstyr er desinfisert før og etter bruk. Dette gjeld alt som har kontakt med vassdraget som fiskeutstyr, bekledning og båt/kano/kajakk. Desinfisering skal skje med egna desinfiseringsmiddel som til eksempel Virkon-S, eller ved tilstrekkelig tørking.

Sjå ellers Mattilsynet sine retninglinjer for ytterlegare detaljar. Det ligg link lenger opp.

Til opplysning er det ikkje oppretta fasilitet for desinfisering i vassdraget.

---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

ALDERSBEGRENSINGAR

Det er gratis for personer under 18 år å fiske i vassdraget. Den statlige fiskar-avgifta er heller ikkje påkrevd for personar under 18 år, fastsatt av Miljø-direktoratet. Dette gjeld i følge med ein voksen person med gyldig fiskekort ettersom all fangst skal rapporterast og antallet fiskarar begrensast.

FISKEUTSTYR

Bevegelig stangfiske.
Tilatt redskap er flue, sluk, wobbler m/ 1 treblekrok, spinnar og mark. Reke eller reke-imitiasjon er forbudt.

Sterk oppmodning om å ikkje fiske med sluk ved lav vannføring!

NB: Hugs at minstemål for anadrome fiskeslag er 40 cm. (estimert 600 - 800g). Dersom fisken ikkje er skada skal den settes ut att.
Hugs skjellprøvar.
Sjå skriv på infotavle ved Frøysetbrua.

Parkering kun på merka plassar, sjå kart. Bruk parkeringsvett og parkér på skrå eller tvers for å utnytte plassen best mulig. Større BOBILER bes parkere ved Frøyset bru på tvers. Parkering langs vegen ved busskuret før Osebruna fråviker og er selvfølgelig på langs.

Camping berre etter avtale med grunneigar.
Ver venleg og bruk oppmerka stiar og hald grinder lukka. Det er ikkje tillete å gå på dyrka mark.
Er det fleire som ynskjer å nytta same fiskeplassen, SKAL det byttast kvar halvtime.
Bruk naturvett! Me finn stadig tomme bokser og anna som ikke skal forlatast i naturen.
VIKTIG!
Fangsrapport skal leverast umiddelbart etter fiskekortets utløpsdato på www.inatur.no.
Klikk på knappen fangstrapport, og logg deg inn med fiskekortets nummer.

Rapportering er obligatorisk! Fiskere som har kjøpt nytt kort utan å ha levert fangstrapport for tidlegere kjøpte kort er uønska i elva og vil verte vist bort.

Registering av fisk er oppdelt i soner! Sjå vedlagt kart med sone-inndeling. Dette kartet referer videre til område-kartet.

Kjøpt kort vert ikkje refundert.

Veibeskrivelse

Vassdraget ligg om lag 2 timars biltur frå Bergen og Førde, der Frøyset, Hosteland og Brekke er viktige innfallsportar til vassdraget.

Gode fisketips

NB! Stenging av elva kan forekomme ved lavt nivå. Dette vil bli varsla og annonsert her og på Facebook - Frøyset grunneigarlag.