Storvassbu i Reinheimen Nasjonalpark - Skjåk Almenning

Hytta ligg 1525 moh. i hjartet av Reinheimen NP. Eit av dei mest øydeliggjande høgfjellsområda i Sør-Norge. Ca 6-8 t. gange frå Billingen. Flott område for fiske! NB! LES INFO OM NØKKELHENTING!

Størrelse og ankomst

Senger til
5 personer
Antall soverom
1
Areal
20 m2
Ankomst
tidligst kl 15:00
Avreise
senest kl 15:00
Avstand fra vei
22 km (sommer)
22 km (vinter)

Adresse

Adresse
Industrivegen 10
Poststed
2690 Skjåk

Beliggenhet

Kontakt utleier

Skjåk Almenning, Industrivegen 10, 2690 Skjåk

61 21 39 00

firmapost@skjak-almenning.no

Video

Velg ankomst og avreise

Om utleier

Skjåk Almenning er ei bygdealmenning frå 1798, og Noregs største private grunneigar med sine 2 millionar dekar. Hovudverksemda vår er skogbruk, trelast, hytter, jakt og fiske.

Skjåk Almenning er særleg kjent for villreinjakt, med om lag 400 fellingsløyver kvart år. Etter kvart er vi også vorte kjent for eit flott område for fjellfiske. Vi tilbyr totalt 17 utleiehytter fordelt på heile området. I Skjåk er det i alt 18 toppar på over 2000 meter, med Tverrådalskyrkja som den mest kjente og Nordre Hestbrepiggen som den høgste (2172 moh.). 

Skjåk Almenning er også et sentralt punkt mellom aust- og vestland der Oppland møter Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Det meste av området er verna i form av Breheimen og Reinheimen nasjonalpark. Området ber i stor preg av urørt natur og sine verneverdiar.  

Vårt administrasjonsbygg finn du i Bismo med våre 7 tilsette med høgare utdanning innan skog og utmarksforvaltning i tillegg til tilsette frå Statens Naturoppsyn, Mjøsen Skog og Nasjonalparkforvalter for Breheimen. 

Åpningstid kvardagar kl 08.00-15.30

Om hytta

Storvassbu

Storvassbue er ei enkel hytte som tilbyr det mest grunnleggande ein treng for eit godt opphald i høgfjellet. Oppvarmingsalternativet er god gamaldags vedomn, gassbluss for kokking og stearinljos for belysning. Alt du treng av kjøkenustyr finn du i hytta. Det er 2 køyesenger med ekstra madrass slik at ein fint kan overnatte 5 personar i hytta. Sjå meir informasjon om hytta her. 

Kombiner gjerne denne turen med overnatting i Skarvedalshytta eller Tverråhytta så får du eit snillare alternativ til ein rundtur i Reinheimen. 

Sjå meir info og videosnutt frå området på heimesida vår; https://www.skjak-almenning.no/hytteutleie/storvassbu

Hytta ligg nordaust i Skjåk Almenning på grensa til Lesja i Reinheimen Nasjonalpark. Ca.6-8 t.gange frå Billingen. Kjem du deg inn hit er du i eit av dei mest øydeliggjande områda i Sør-Norge, og det er generelt liten ferdsel. Ynskjer du ein villmarkstur i ekte høgfjellsterreng er dette staden for deg! Det er langt å gå, men ikkje bratt (med unntak av starten i rute alt.2) og høvesvis lettgått høgfjellsterreng. Det er ingen stigar lengst inne i området, det er derfor naudsynt med kart og kompass/GPS for å finne fram. 

Flott fiske- og turområde med mange moglegheiter for kortare og lengre fisketurar med Storvassbu som utgangspunkt. Elva Sponga, Bollvatnet, Dørvatnet, Dørtjønnen, Spongvatna, Storvatnet m.fl. Det er som oftast isfritt frå siste halvdel av juli, ta kontakt med oss om istilhøva.

Skjåk Almenning har båt og garn til utleige på Storvatnet. 

 

Nokre av hyttene våre står ope i reinsjakta for reinsjegerar, medan andre hytter vil vere stengt og kun tilgjengeleg for oppsyn/beitebrukarar i perioden 20/8-13/9 - sjå heimesida vår for oppdatert info det enkelte år.

 

Innanbygds bør reservere hytta ved å kontakte oss på kontoret med tanke på redusert leigepris. Eventuelt får ein refusjon av beløp ved å sende kvittering og kontonr. til firmapost@skjak-almenning.

 

Hytte-/Avbestillingsregler

Vask av hytta

Leietaker vaskar hytta sjølv.

Avbestilling

Avbestillingar blir i utgangspunktet ikkje refundert. Ved avbestilling seinast 3 veker før leiestart refunderer vi 50%.

Husdyr

Hund tillate,men ikkje i senger! Syrg for god reingjering.

Nøkkelhenting

Nøkler hentast på almenningskontoret i Bismo i vår opningstid måndag-fredag kl. 8.00-15.30, eller kontakt oss (tlf. 61213900) for avtale om annan henting. Kan også hente nøkkel på Dønfoss camping fram til den 20.august. Hugs kvittering.

 

Veibeskrivelse

NB! Nøkkelhenting - sjå informasjon nedst på denne sida. 

Skjåk ligg øvst i Gudbrandsdalen, lengst nordvest i Oppland fylke, på grensa mot Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Frå aust følger ein riksveg 15 frå Lom, og frå vest via Stryn om Grotli.

Kommunesenteret Bismo ligg ved Riksveg 15, 18 km vest for Lom.

Alternativ 1.

Rv.15 til Billingen,opp sætervegen til parkering. DNT-stig på vestsida av Tora til Tverråe, forbi Tverråhytta og opp til osen av Torsvatnet. Ny elvekryssing over lita bru i osen av Torsvatnet. Frå her er det ingen stig, gå austover i terrenget langs Sponga forbi Dørvatnet og så nordaust til Storvassbu.

Alternativ 2:

Parker bilen som alt.1. Gå bru over elva Tora. Merka stig opp til Føyssteinen, vidare umerka men tydeleg stig på vestsida av Føysa innover til bekken som kjem frå Langvatnet. Frå her er det ingen stig. Gå vidare i terrenget mot Skarvedalshytta, men sving nordover på vestsida av Blåbergtjønne, gjennom Dør og vidare på austsida av Dørtjønn. Gå mellom Dørvatnet og Austre Dørtjønne fram til Storvassbu. 

Kombiner gjerne alternativ 1 og 2 så får du ein rundtur i hjartet av Reinheimen Nasjonalpark!

Merk at det er naudsynt med kart og kompass/GPS på denne turen.

Lengde: 21,1 km (alt.1) / ca 18 km (alt.2)

Stigning: 715 meter

Tidsbruk: 6-8 timar.

VIKTIG

Dei fleste av hyttene våre ligg i høgfjellet
utanfor merka ruter. Særleg vinterstid kan turen bli krevjande og ta mykje
lengre tid enn planlagt dersom det er mykje laussnø eller dårleg vær.

Ta derfor alltid med gode kart og kompass/GPS på turen både sommar og vinter, og ver førebudd på ymse føre, dårleg vær og sikt i høgfjellet. Skal du på topptur sjekk skredfaren på www.varsom.no

 

Skjåk Turkart dekker heile Skjåk i målestokk 1:60 000, eventuelt M711-serien 1319 II Torsvatnet.

Koordinat: UTM 32 Euref 89:

Nord 6888948 Øst 447034

Turtips

Eit av vårt beste utgangspunkt for fiske i Skjåk! Flott utgangspunkt for topptur på ski til Store Gråhøe, 2014moh, den høgste toppen i Reinheimen, og ein av dei mest øydeliggjande 2000 meter toppane i Norge. Elles mange fine fiskevatn med Storvassbue som utgangspunkt. Aktuell for rundtur i Reinheimen NP, med Billingen som utgangspunkt; Tverråhytta, Storvassbu og Skarvedalshytta.

Sjå denne sida for andre turtips: 

https://outtt.com/regions/15/skjk

La deg også inspirere av presentasjonsvideoen vår frå området. Klikk her for å sjå den.

Andre aktuelle tilbud