|
Bestand
Auka bestand av liryper siste åra noko redusert fjellrypebestand.
Generelle regler
Småviltjakta skal ikkje vere til hinder for storviltjakta. Det er ikkje lov å jakte i skogområder og det skal takast omsyn til storviltjakt i områda. Ta hensyn til andre jegrar og hugs at vi er gjester på grunneigarens grunn. Det er forbode å jakte i eller nær hytter i områda ! Bruk allmenn sunn fornuft !
Jakt med hund er berre tillate for området Årdal Austre Statsallmenning. Berre medlemar av Årdal JFF med adresse i Årdal Kommune kan jakte med hund. For andre er det ikkje tillat å ta med hund på jakt, gjeld alle hunderasar. Ulovleg jakt med hund,fører til utestengelse og politianmeldelse. Jakttida er den same som for jakt utan hund. Prisen er den same som for jakt utan hund.
Årdal JFF har beslutta å utsette jaktstart for småvilt på området Sletterust Jakta startar i 2011 frå og med 17. september for inbyggarar i Årdal og 20. september for dei med adresse utanfor Årdal. I Fardalen opnar jakta den 10.sep for alle Jakta kan bli stoppa 23. desember viss det er lite rype. Ellers gjelder rammer bestemt av Direktoratet for Naturforvaltning. Døgnkvote For rype er døgnkvoten satt til 5 ryper per jeger per døgn fram til 23.12. Etter 23.12 er døgnkvoten satt til 3 ryper ( = summen av fjell- og liryper). Fangstrapport skal leverast på www.inatur.no seinast 14 dager etter jakta er avslutta. Det vil ikkje bli utsteda kort neste sesong til personar som ikkje leverer fangstrapport.
Beliggenhet og terrengbeskrivelse
Terrenget Sletterust ligg på begge sider av FV 53 mellom Årdal og Tyin. Lett tilkomst fra fylkesveg til jakt på begge sider. Årdal austre statsalmenning kan ein nå fra vegen inn mot Eidsbugarden, ta til venstre ved Tyinholmen. Terrenget Fardalen når ein ved å ta vegen mellom Øvre Årdal til Turtagrø/ Luster. Lett tilkomst fra veg på begge sider. VI OPPFORDRAR JEGRANE TIL Å SPRE SEG I TERRENGET FOR Å REDUSERE JAKTTRYKKET PÅ OMRÅDA NÆRAST VEG.
|