|
Fiskebestand
Bra bestand av ørret. I alle vatn og småtjøner er det fisk. Dei største vatna kan by på fisk med framifrå kvalitet og fin størelse.
Fisketips
Som i dei fleste fiskevatn er det som regel vær og vind som avgjer om det er godt eller dårleg bet i fisken. Når ein har gode tempraturer og vinddrag frå sør eller aust, er det som regel godt bet.
Fisken bit best om kvelden og tidleg på morgon, men ein får også fisk om dagen enten det er sol eller ikkje. Torholmenvatnet er og eit godt fiskevatn med variert størellse og fin kvalitet på fisken. Torolmen kan gje gode fangster på sluk,dupp og fluge eller oter.
Eit anna vatn som kan nevnast for turen si skuld er Koldedalsvatnet. Dette er eit vatn som ligg omkransa av isbrear og høge tinder. Noko som gjer utslag i fargen på fiskekjøttet, den er meir eller mindre kvit i kjøttet ellers er fisken framifrå. Tek ein turen inn her vil ein på nært hold få sjå isbrear og tinder som strekker seg over 2000 meter over havet.
Generelle regler
Ungdom (t.o.m. fylte 18 år) - som kan dokumentere medlemskap i foreininga - har rett til å fiske gratis i alle elvar og vatn laget disponerar.
Beliggenhet og terrengbeskrivelse
Beliggende etter riksveg 53 mellom Årdal og Tyin. Flott og lettgått høgfjellsterreng.
|