|
Bestand
Det er vanskeleg å seie noko konkret om mange av småviltbestandane innanfor eit så stort område, det vil nødvendigvis vera store variasjonar frå område til område. Desse betraktningane byggjer stort sett på observasjonar gjort av fjelloppsynet og attendemeldingar frå jegarar og andre som ferdast i våre område. For lirype har vi noko meir håndfaste tal gjennom linjetaksteringar som vert gjort kvar haust før jaktstart. Etter ein markert oppgang i nokre år har vi i år hatt ein nedgang i bestanden etter til dels dårlege forhold i klekkjetida. Bestanden i år ligg litt under det vi reknar som middels. Fjellrypebestanden held seg stabil og har vore bra i mange år. Når det gjeld skogsfugl har vi og sett ein gledeleg oppgang dei siste åra, særleg på orrfuglbestanden. Storfuglbestanden ser og ut til å ha vist ein liten auke, men vi kan ikkje seie å ha nokon stor storfuglbestand. Harebestanden ligg på eit stabilt nivå som blant harejegarane blir betegna som middels til bra.
Generelle regler
Jegaren skal alltid bera jaktkortet på seg ved utøving av jakta. For utfyllande reglar sjå jaktreglane for Vågå Fjellstyre.
Beliggenhet og terrengbeskrivelse
Området ligg sør for Ottadalen og dekkjer områda frå omkring Lemonsjøen, innover Sjodalen til Gjendetraktene, på båe sider av elva Sjoa. Langmorkje statsallmenning grensar mot Lom i vest, Vang/ Øystre Slidre i sør, og Sel/Nord-Fron i aust. Terrenget er som sagt, svært variert frå tette bjørkelier til snaufjell og vidstrakte steinflyer. Dette gjer at det bør vera gode sjanser for alle til å finne seg eit terreng ein trivs i. Mykje av området er lett tilgjengeleg, og ligg i nærheit til bilveg. Men for dei som foretrekkjer å ha fjellet for seg sjølve er det ikkje problem å finne seg område der ein svært sjeldan ser andre jegarar dersom ein er viljug til å ta med teltet og gå eit stykkje. Erfaringane viser at jegarane har ein tendens til å samle seg på dei mest "kjende" plassane. Dette gjeld spesielt dei første dagane av jakta, det kan difor vera lurt å prøve å finne seg område utanfor dei mest brukte delane av terrenget.
|